Sjokoladefondant med karamellfyll
Sjokoladefondant med karamellfyll har både deilig flytande sjokolade og karamell i midten, og smakar like godt som det høyrest ut.
Å lage karamellen er veldig enkelt, men krev litt tid. Du treng ei boks søt kondensert mjølk (ikkje Vikingmjølk – den er ikkje søta) og ein stor kjele med vatn. Boksa skal koke i 3 timar, men held seg deretter i lang tid i ei tett boks i kjøleskapet. Dermed kan du lett lage dulce de leche lenge før du skal lage denne desserten, og ha karamell klar i kjøleskapet.
Finn du ikkje søt kondensert mjølk kan du bruke Dumle-trikset som du finn heilt under oppskrifta her.
Til 4 porsjonar treng du:
- 100 g mørk sjokolade
- 100 g smør
- 50 g kveitemjøl (eller glutenfritt mjøl)
- 100 g sukker
- 2 egg
- 2 eggeplommer
- Litt kakaopulver og smør til formene
- Dulce de leche (sjå under)
- 4 klyper salt
Slik gjer du:
Dulce de leche (karamell):
- Fjern etiketten på boksa med søt kondensert mjølk.
- Legg boksa i ei stor gryte, og fyll fullt med vatn.
- Kok opp og la småkoke i 3 timar.
- Hell av vatnet, avkjøl med kaldt vatn før du opnar boksa.
- Oppbevar i tett boks i kjøleskapet (dette held seg lenge) og bruk i dessertar, over is eller som ekstra godt pålegg.
Sjokoladefondant:
- Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
- Hakk sjokolade og smelt over vassbad saman med smøret.
- Visp egg, eggeplommer og sukker til luftig eggedosis. (Visp lenge med kjøkkenmaskin.)
- Vend inn sikta mjøl i eggedosisen.
- Vend inn smelta smør og sjokolade. (Set røra i kjøleskapet om du ikkje skal servere med det samme.)
- Smør formene med smør, slik at kakene slepper forma lett og sikt i litt kakao og fordel røra.
- Ha i 1 stor teskei med karamell/dulche de leche i kvar form og ei klype salt.
- Steik midt i omnen i ca ti minutt, til toppen har heva seg litt frå forma men det framleis er rennande røre når du sjekkar med ein kakepinne. Kanskje er det perfekt med 8 eller 12 minutt i din omn, følg med!
- Snu forma opp ned på ein tallerken, eller server i formene, med sikta kakao over.
TIPS:
- Sjokoladefondant kan fint lagast glutenfritt. Bruk då gultenfri kakemiks/fint mjøl i staden for vanleg kveitemjøl.
- Har du ikkje dulce de leche kan du legge 1 stk dumle-karamell i kvar form i staden, eller ha i HaPå-pålegget som du finn på butikken.
- Vil du sjå fleire steg for steg bileter finn du det her.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.