Biff med bearnaisesaus og hasselbackpoteter
Biff med bearnaisesaus og hasselbackpoteter er skikkeleg laurdagskveldmiddag med noko raudt i glaset til.
Hasselbackpoteter blei ein favoritt her i heimen frå første gong vi laga det. Du deler potetene nesten heilt igjennom i 2-3 mm tjukke skiver og let dei steike i omnen med smør på toppen. Enkelt og heilt fantastisk godt.
Biffen likar vi best å steike på høg varme på begge sider, og så setje heile panna i steikeomnen nokre minutt medan bearnaisesausen blir klargjort. Så får biffen kvile medan sausen blir montert, og taaadaaaa…..så er middagen klar!
Til 2 personar treng du:
- ca 150 g biff per person
- litt smør
- 1 ts flytande honning
- timian
- 4 små/vanlege amadinepoteter (dess større dess lenger steiketid)
- 10-12 aspargesbønner
- 1 sjalottløk
- 1 ts estragon
- 2 ss kvitvinseddik
- 2 ss vatn
- 150 gr smør
- 3 eggeplommer
- Salt og peppar
Slik gjer du:
- Set omnen på 225 grader over- og undervarme.
- Vask potetene godt og jamn dei til på undersida om dei ikkje vil ligge i ro.
- Skjær tynne skiver nesten heilt igjennom. Tips: legg to spisepinnar på kvar side og skjær heilt ned til dei.
- Legg potetene på eit eldfast fat og fordel smør, honning og timian (el andre urter) på toppen.
- Steik midt i omnen i 30-40 min, avhengig av størrelsen på potetene.
- Steik biffen på høg varme, slik at du får karamellisert begge sidene -men ikkje så sterk varme at dei blir brende. Ettersteik på lågare varme eller i set heile panna i steikeomnen til biffane er så steikte som du vil ha dei.
- Lat biffane kvile nokre minutt før servering.
- Lag bearnaisesaus etter denne oppskrifta.
- Kok opp ei lita kasserolle med vatn og la aspargesbønene trekke i 2-3 min, slik at dei rekk å bli varme men ikkje slappe.
- Servér biff med bearnaisesaus, hasselbackpoteter og aspargesbønner.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.