Tebriks
Desse tebriksa har eg fått oppskrift på frå ei kjekk nabodame. Ho er ein racer på alle typar gjærbakst, og produserer nok til å fø både bestemødrer og anna slekt når ho går i gong på kjøkkenet.
Ho får alltid luftig og fantastisk bakst og ein gong røpte ho trikset sitt til meg. Ha tre born! Med andre ord; ho set deiga og så skjer plutseleg det eine og det andre og tida berre flyg.
«Eg får jo aldri tid til å ta igjen den deiga, så den hevar og hevar og hevar»
Og resultatet? Vellukka gjærbakst kvar einaste gong. Så der har du trikset over alle triks: få tre born! (Eller la gjærdeiga heve lenge uansett).
Til 12-15 tebriks treng du:
- 6 dl mjølk
- 1 pk tørrgjær
- 1 egg
- 1 ss sukker
- 1/2 ts salt
- 1/2 ts bakepulver
- ca 1 kg mjøl + litt ekstra til utbaking
- 3-5 ss mjukt smør til å smøre deiga
På toppen:
- 1 egg til pensling
- valmuefrø
Slik gjer du:
- Ha lunka mjølk, mjøl, sukker, bakepulver, salt, egg og gjæra i ein bakebolle.
- Elt i kjøkkenmaskin eller for hand til du har ei jamn deig, 7-10 min i maskin på sakte fart.
- Dekk med plast og la heve til dobbel storleik, 1-2t.
- Bruk godt med mjøl og kjevle ut eit 30 x 80 rektangel.
- Smør deiga og brett den i to, kjevle litt utover slik at den blir 20 x 80.
- Smør ein gong til.
- Brett først ein tredjedel inn mot midten, før du legg den andre delen på.
- Del opp i 5-6 cm store stykker og sett på bakepapir.
- La etterheve medan omnen varmar seg opp.
- Pensle med samanpiska egg og strø valmuefrø over.
- Steik midt i omnen på 200 grader, over og undervarme, i 10-12 min til dei er gylne.
TIPS:
Legg dei du får til overs i fryseboksen. For å ha nysteikte tebriks til frukost, set du dei på rist inn i kald omn og skrur omnen på 180-190 grader varmluft og let dei stå i ca 13 min. Fiks ferdig!:)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.