Rask nuddelsuppe til to
Rask nuddelsuppe til to er enkel å lage og smakar godt. Du kan variere suppa med kva type nudlar og grønsaker du brukar og finne dine eigen favoritt. Om du vil ha vegetarversjon er det berre å kutte ut kyllingen eller erstatte den med linser eller bønner.
Alle best suppe får du om du har kyllingkraft, men har du ikkje det funkar det med buljongterning eller bortekjøpt kraft også. Suppa treng ikkje koke så lenge, sidan kyllingen blir steikt først og grønsakene er best med litt spenst i.
Du treng:
- 2 kyllingfiletar
- 1-2 gulrot
- 1-2 sjalottløk
- 2-3 vårløk
- 100 g sellerirot
- ½ raud paprika
- Kyllingbuljong/kraft + 7-8 dl vatn
- Peppar
- 1 pk eggnudlar
- Smør/olje til steiking
- Raud chili og fersk persille på toppen
Slik gjer du:
- Del kyllingen i bitar, og steik den i litt smør/olje. Legg til side.
- Skjær opp alle grønsakene i strimlar/bitar og ha dei i ei panne saman med litt olje. Fres til løken har blitt blank.
- Hell over vatnet og buljongen/krafta. Kok opp.
- Ha i nudlane og småkok vidare.
- Rett før nudlane er ferdige har du i kyllingen slik at den blir varm.
- Smak til med peppar og evt salt.
- Server med chili og persille på toppen:)
Vips! Fiks ferdig middag:)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.