Lammesteik i surmelk
Denne lammesteika hadde vi til middag sist helg, med stor suksess. Eg tok meg ein tur på biblioteket og blada i mange fine og rare kokebøker og kom over lammesteik og surmjølk. Det hadde eg aldri høyrt om før, så det måtte vi teste! Steika blir lagt i surmjølk, og skal etter meir research gjerne ligge der i ei vekes tid før den skal inn i omnen. Den versjonen som eg fall for var i boka «Husmannskost» til Tom Victor Gausdal, der marineringa «berre» var over natta og kjøtet skulle trekke i kasserolla på omnen. Her får du min vri på oppskrifta, og resultatet fall i smak hjå gjestane. Mørt og smakfullt kjøt servert saman med fløtegratinerte poteter og sjysaus.
Når du skal rekne mengder kjøt er regelen 200 g per person når det er ei steik utan bein, og 250-300 g per person når det er lammelår med bein. Men ta gjerne i litt ekstra, her i huset blei det dessverre ingen restar å ete dagen etter;)
Til 1 lammesteik treng du:
- 1 lammesteik
- 1 liter surmjølk (kulturmjølk/kefir)
- 2 laurbærblad
- 2-3 sjalottløk
- 1 ss timian
- salt og peppar
- ca 1 l vatn
Saus:
- ca 3 dl kraft
- 1 ss balsamicoeddik
- 1-2 ts salt
- 1/2 ts peppar
- 1 ts timian
- litt sukkerkulør (kan sløyfast)
- 1-2 ss maizena
- 1/2 dl kaldt vatn
Servér gjerne med:
- Fløtegratinerte poteter
- Surkål
- Tyttebærsylte
- Brokkoli
Slik gjer du:
- Skyl og tørk lammesteika med kjøkkenpapir.
- Legg lammesteika i ei stor gryte og hell surmjølka over. Legg på lokk og set i kjøleskap over natta.
- Skrell og del sjalottløk i grove bitar, legg dette i surmjølka saman med timian, salt og peppar.
- Set eit steiketermometer inn i tjukkaste delen av steika og fyll på med vatn til alt er dekka.
- Varm opp slik at det nesten kokar før du skrur ned temperaturen og let steika berre trekke på låg varme til steiketermometeret viser 65-70 grader. (Ca 2 timar).
- Løft steika ut av krafta og la den kvile i 30 min, før du deler opp i skiver. Blir steika kald før du skal servere den kan du pakke den i folie og varme den ei lita stund i steikeomnen.
- Sil krafta gjennom eit dørslag og kok gjerne inn krafta noko om du har tid.
- Mål opp ca 3 dl kraft i ei lita kasserolle, kok opp og rør inn balsamicoeddik, timian, salt og peppar.
- Rør ut maizena i det kalde vatnet og ha det i sausen.
- Set litt farge på sausen med sukkerkulør om du vil.
- Servér lammesteik saman med fløtegratinerte poteter, surkål, tyttebærsylte, kokt brokkoli og saus.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.