Kantarellrisotto
Det er framleis kantarell i skogen, så det er berre å kome seg ut og leite. Eg har blitt heilt sopp-gal og kikar etter sopp kvar gong eg er ute i skogen, og ser at det har smitta over til dei to små i familien også.
Har du ingen skog å leite i der du er kan du gå på soppjakt i butikken i staden. Kantarell har ein heilt fantastisk kryddersmak som verkeleg set prikken over i’en på denne risottoen. Likar du ikkje sopp seier du? Då har du ikkje smakt kantarell seier eg;)
Er du så heldig at du finn sopp men ikkje har tid eller lyst til nytte den med ein gong kan du anten fryse eller tørke den for seinare høve. Å tørke den kan gjerast så enkelt som å la den ligge på eit kjøkkenpapir til den er heilt knusktørr (kanskje ei vekes tid) og så pakke den tett. Kantarellrisotto heile året!:)
Kantarellrisotto til 2 personar:
- 200 g risottoris (arborio)
- 2 sjalottløk
- 2 fedd kvitløk
- ca 130 g kantarell
- 5 dl kraft (eller vatn + 2 buljongterningar)
- 1,5 dl tørr kvitvin
- 50 g parmesan
- 1-2 ss smør
Slik gjer du:
- Ha 1 ss olivenolje i ei kasserolle og fres sjalottløk og kvitløk i nokre minutt. Ha i risottorisen og la den frese med til den blir blank.
- Hell over kvitvinen og la den koke inn.
- Spe med varm kraft/buljong. Ha i ei ause i gongen og la dette koke inn før du har i den neste. Rør jamt i risen. Fortsett slik til risen er blitt mjuk, men framleis har tyggemotstand. Dette tek 15-20 min.
- Steik kantarellane i litt smør.
- Ha i 1-2 ss smør og reven parmesan over risottoen, men utan å røre. Legg på lokk og la stå i 3-5 min. Vend så inn smøret og osten, legg over kantarellane og server kantarellrisotto med det same.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.