Lettsalta svineknoke – Knokesuppe
Lettsalta svineknoke er lett å finne i butikken og rimelig mat. Det einaste som krevst er tid til å småkoke slik at kjøtet fell frå beinet. Resultatet er nydeleg kjøt som passar godt i suppe og som kan mette mange. Har du god tid den dagen du skal servere suppa kokar du beinet samme dagen. Har du derimot mindre tid kan du dele opp prosessen og koke knoken dagen før og legge kjøtet i kjøleskapet over natta. Då er dette kjapp mat å setje på bordet, ein treng berre vente på at grønsaksbitane skal bli kokte så er suppa klar.
Til 4-6 personar treng du:
- 1 lettsalta svineknoke
- ca 3 l vatn
- 2 laurbærblad
- 1 søtpotet
- 3 gulrot
- 3 poteter
- 1 kartong (175 g) raude linser
- 1 vårløk
- 800 g frosen lapskausblanding (eller ferske grønsaker)
- Peppar
Slik gjer du:
- Skyl av svineknoken og legg den i ei stor gryte. Fyll på med vatn, ca 3 liter, til den er dekka.
- Ha i laurbærblad og kok opp.
- Bruk ei holause eller ei skei og fjern det kvite skummet som dannar seg.
- La småkoke/trekke under lokk til kjøtet fell frå beinet (2-3 timar).
- Løft knoken ut av kokevatnet, la den avkjøle og plukk deretter av kjøtet og del det i terningar.
- Skrell og del alle grønsaker i terningar.
- Fjern laurbærblada frå gryta og hell av halvparten av kokevatnet. Ha i omlag like mykje nytt vatn. (For at suppa ikkje skal bli for salt).
- Kok opp.
- Skyl av linsene i eit dørslag og ha dei i det kokande vatnet saman med grønsakene.
- La suppa småkoke til grønsakene er møre.
- Ha i kjøtet og la det bli varmt.
- Smak til med peppar.
- Servér rykande varm knokesuppe med flatbrød til.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.