Fløtegratinerte poteter
Fløtegratinerte poteter er krema og godt tilbehøyr til kjøt, fugl og fisk. Faktisk funkar det bra som ein rett i seg sjølv også, eller med grilla grønsaker til.
Lag gjerne ein stor porsjon, for dette forsyner ein seg gjerne fleire gongar av, og det fukar fint å ete som restemat.
Kor tjukke du vil ha potetskivene er ei smaksak, og heilt opp til deg som er kokk. Eg likar best at dei har litt tyggemotstand og lagar dei som regel 2-3 mm tjukke.
Til 3-4 personar treng du:
- 1 kg poteter
- 2-3 sjalottløk
- 2-3 fedd kvitløk
- 1 ts salt
- litt peppar
- 2 dl kremfløyte
- 1 dl mjølk
- 2-3 nevar reven ost (gjerne cheddar)
Slik gjer du:
- Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
- Vask potetene godt, eller skrell dei, og del i 3-5 mm tjukke skiver.
- Finhakk sjalottløk og kvitløk.
- Kok opp kremfløyte og mjølk, ha i poteter og løkog la småkoke i 10 min.
- Ha alt over i ei eldfast form.
- Dryss over ost.
- Steik gratengen i omlag 30 min, til potetene er møre.
TIPS: du kan gjerne hoppe over punktet om å forkoke potetene, men då treng gratengen 50-60 min i omnen. Passar fint om du skal vere ute av kjøkkenet medan potetene steiker seg sjølv, og du vil bruke minst mogleg tid på kjøkkenet.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.