Chiagrøt med kokosmjølk

chiagrøtChiagrøt, eller chiagraut som eg seier, er mat som lagar seg sjølv. Du kjenner det kanskje også som kjøleskapsgrøt? Du blandar chiafrø med væske og let det stå å svelle i kjøleskapet over natta. Då har du ferdig frukost når du vaknar og kan ha ei roleg og fin frukoststund. Denne versjonen har eg laga med kokosmjølk (min store favoritt for tida) og toppa med nyplukka bær frå frysaren.

Etter at eg fann ut at det var betre å fryse bær i posar enn i boksar har det blitt så enkelt å ta opp nokre bær for å toppe frukosten, utan å stå å dunke og slå ei boks for at bæra skal løsne….. (I’m just sayin…)

Eg laga dobbel porsjon, så hadde eg frukost til to dagar!

chia grøtTil 2 porsjonar (eller 1 stor) treng du:

  • 2 ss chiafrø
  • 200-250 ml kokosmjølk (1 kartong)
  • 1 ts flytande honning
  • 1 ss blåbær
  • 1 ss hakka mandlar
  • 1 ts tyttebær
  • 1 ts multe

kjøleskapsgrøtSlik gjer du:

  1. Ha chiafrø, kokosmjølk og honning i eit stort glas og rør godt. Legg på lokk/plast og set i kjøleskapet over natta.
  2. Rør rundt og fordel i to skåler.
  3. Topp med bær og hakka mandlar.
  4. Nyyt!
chiagraut

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.