Sashimi med vårløk og spicy saus
Sashimi er tynne skiver av rå fisk med smakfull saus til. Dette er verkeleg ein av dei rettane som tek null tid å lage og smakar skikkeleg digg.
Perfekt når du skal lage middag berre til deg sjølv, eller du har lyst på noko litt ekstra til kvelds. Litt ekstra stas kveldsmat på ein ellers vanleg kvardag kan vel dei fleste like?
Rør sausen raskt saman først slik at den får godgjort seg dei få minutta det tek å gjere ferdig resten. Enkel og god mat på 1-2-3!
Til 2 personar treng du:
- 200 g sushi laks
- 1 vårløk
- 2-3 ss sesamfrø
Saus:
- 4 ss soyasaus
- 1 ss eplecidereddik
- 1 ss sukker (gjerne kokossukker)
- 1 fedd kvitløk
- 1 bit (fedd-størrelse) ingefær
- 1/2 raud chili (gjerne med frøa)
Slik gjer du:
- Finhakk kvitløk, ingefær og chili og rør saman sausen. La den stå og godgjere seg.
- Rist sesamfrøa på middels-høg varme i ei tørr steikepanne (kan sløyfast).
- Del vårløk og laks i skiver.
- Legg opp laks og strø over vårløk og sesamfrø. Server sausen til, eller hell den over.
- Velbekomme!
TIPS: skal du servere dette til gjester kan du fint lage klar sausen på førehand og oppbevare den i kjøleskap. Fisken blir best om den blir servert rett etter at den er skjært opp.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.