Fiskesuppe med reker og blåskjell
Ein ting vi norske var rimeleg enige om at vi sakna i Asia var fisk og fiskemat. Eller for å vere meir korrekt; fisk laga på nordiske måtar. I Asia er det vanleg å ha i større bitar av fisk med mykje fiskebein, og så et du rundt og let beinrestane ligge igjen i skåla.
Sikkert heilt greitt når ein er van med det, men for oss som er vane med ferdig reinska og oppdelt fiskebitar blei det liksom ikkje heilt det same.
Difor måtte vi til med norsk fiskesuppe ein av første dagane i heimlandet, med både reker og blåskjell i. Og sidan den blei godt motteke deler eg den her på bloggen med deg:)
Til 4-6 personar treng du:
Dampa blåskjell:
- 1 nett (ca 1 kg) blåskjell
- 1 dl tørr kvitvin
- 2 ss olivenolje
- 1 fedd kvitløk
- 2 sjalottløk
Fiskesuppe:
- 200 g reker
- 600 g kvit fisk
- 3 sjalottløk
- 2 gulrot
- 1 liten fennikel
- 2 stilkar stangselleri
- 2 vårløk
- 1 ss smør
- 1,5 dl tørr kvitvin
- 2 dl fløyte
- 5-7 dl kraft (eller vatn + buljong)
- salt og peppar
Slik gjer du:
Blåskjell:
- Skyll alle skjella godt i rennande vatn, og kast alle som ikkje let seg att når dei får eit lett kakk på seg. Skrubb vekk skit og skjegg på skjella.
- Finhakk kvitløk og sjalottløk, surr dette til løken blir blank i ei stor gryte med olivenolje.
- Ha i kvitvinen, legg i skjella og set på lokk. La skjella dampe til dei fleste har opna seg, men ikkje la dei ligge for lenge -då blir dei seige!
- Aus ut skjella og legg dei på eit fat. Kast skjell som ikkje har opna seg.
Fiskesuppe:
- Hakk løk, fennikel, gulrot, stangselleri og vårløk i bitar som du synest er passe.
- Fres løken i litt smør til den er blank. Ha i fennikel, gulrot og stangselleri og la dese frese med i 2 minutt.
- Ha i kvitvinen og la denne koke inn til det nesten ikkje er væske igjen i gryta.
- Fyll på med kraft og la suppa koke til grønsakene er møre.
- Rør inn fløyte og ha fisk i terningar, la trekke til fisken er ferdig (maks ti minutt).
- Plukk ut kjøtet frå dei fleste blåskjella og ha i (spar nokre til pynt)
- Ha i reker og vårløk (spar litt til pynt).
- Pynt med vårløk og server med blåskjell på toppen og gjerne godt brød til.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.