Bringebærkrans
Ein slik bringebærkrans har eg hatt lyst til å lage heilt sidan eg såg framsida til kokeboka «Slikkepott» første gongen. Det er berre det at kanel og sukker gjer mann og born SÅ glade her i heimen, at det stort sett alltid blir det i staden… MEN NO(!) skulle det skje. Vi er i gong med å tømme frysar, kjøleskap og kjøkkenskap før flytting, og der sto det jaggu eit glas med bringebærsyltetøy. Har du sett? Bringebærkrans it is!
Til 1 krans treng du:
- 500 g kveitemjøl
- 2,5 dl H-mjølk (lunka)
- 75 g sukker
- 1 ts salt
- 1 ts kardemomme
- 1 egg
- 1/2 pk tørrgjær
- 75 g smør i terningar
Fyll og topping:
- ca 300 g bringebærsyltetøy
- perlesukker
- 1 egg til pensling
Slik gjer du:
- Ha alle ingrediensane, unnateke smøret, i ei kjøkkenmaskin. (Eg held som regel tilbake 50-100 g av kveitemjølet, og strør det over rett før utbaking.)
- Elt på sakte-middels fart i ca 10 min til du har ei deig som slepp bakebollen.
- Ha i smøret, delt i terningar, og elt vidare i ca 10 min.
- Dekk med eit lokk/tallerken og la heve så lenge du har tid, gjerne to timar.
- Kjevle deiga til eit rektangel på ca 40×50 cm.
- Smør utover bringebærsyltetøy.
- Rull saman til ei pølse på langs.
- Del pølsa på langs, men la det vere igjen to cm i eine enden.
- Flytt pølsa over på eit bakepapir.
- Flett kransen ved å leggje den eine delen over den andre, slik at det blir tvinna.
- Form ein krans.
- Legg eit kjøkkenhåndkle over og la etterheve i 15-20 min.
- Set steikeomnen på 180 grader.
- Pensle med egg og strø perlesukker på.
- Steik i ca 30 min, til kransen er gyllen på undersida. Følg med og legg eit bakepapir over dersom kransen held på å bli brent.
- Avkjøl på rist.
- Pynt med ekstra bringebærsyltetøy på toppen før servering.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.