Shepherd´s pie

sheperds pie

I fjor ein gong hengde Rema 1000 opp store flagg med bilete av Shepherd´s Pie og Erling Sundal, og det dukka opp variantar av denne middagsretten på nær alle matbloggar.

I vår variant har eg fått lurt nedi paprika i tillegg til rotgrønsaker, sidan eg ein gong fekk vite at paprika inneheld fire gongar så mykje C-vitamin som appelsin.

Gryterettar og former er geniale til å bli kvitt restar du måtte ha i frukt- og grøntskuffa og få lurt inn sunne ingrediensar utan at middagsgjestane let seg merke. Bra for deg og bra for dei!

Shepherd´s pie til ca 4 personar:

Potetstappe

  • ca 1 kg poteter i terningar
  • 2 ss smør
  • ca 1 dl mjølk

Gryte

  • 500 g karbonadedeig
  • 1 løk
  • 2-3 gulrøtter
  • 1 paprika
  • 1/2 sellerirot (ca 200 g)
  • 2 fedd kvitløk
  • 2 ss tomatpurre
  • 2 boksar hakka tomat (eller erstatt den eine med 2 dl vatn)
  • 2 laurbærblad
  • salt og peppar
  • timian

 

sherperds pie

Slik gjer du:

Potetstappe:

  1. Kok potetbitane til dei blir møre, ca 10-12 minutt avhengig av størrelsen.
  2. Hell av vatnet, ha i 2 ss smør og mos til stappe.
  3. Ha i ein skvett mjølk, her avheng det av kor fast du likar stappa, og rør raskt med ei sleiv. Juster med meir mjølk til du får stappa slik du likar.

Gryte:

  1. Skjær løk, gulrot, sellerirot, paprika og kvitløk i terningar og surr dei nokre minutt i olivenolje, til løken er blank. Legg dei til side.
  2. Fres karbonadedeiga.
  3. Ha i grønsakene igjen, bland i tomatpurre og hell over hakka tomat (og eventuelt vatn).
  4. Legg i laurbærblada og la det småkoke i fem minutt. Krydre med salt og peppar, og gjerne timian om du har.
  5. Finn fram ei eldfast form og fordel gryta utover. (Eller bru små former som på øvste biletet).
  6. Legg potetstappa over som eit lokk og steik midt i omnen på 200 grader i 20 minutt.
  7. Server med frisk timian på toppen og gjerne ei brødskive til. Velbekomme!
sheperds pai

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.