Eltefri rundstykker med chiafrø
Vi er i gong med å tømme skuffer og skap før heimreise til Norge, og då går alle moglege frø og mjølvariantar inn i dei eltefrie rundstykka. Det er jo nesten umogleg å feile med denne metoden! Her er ein versjon som blei godkjent av både små og store med chiafrø i seg.
Til 10-12 rundstykker treng du:
- 350 g kveitemjøl
- 150 g fullkorn-kveitemjøl
- 50 g linfrø
- 50 g sesamfrø
- 50 g chiafrø
- 1 ts tørrgjær
- 1 ts salt
- 5 dl kaldt/lunka vatn
Slik gjer du:
- Knus linfrø, sesamfrø og chiafrø i ei kvern (kan sløyfast).
- Bland alt det tørre i ein bolle, rør inn vatnet og set på lokk.
- La heve på kjøkkenbenken i 8-12 t, gjerne over natta.
- Strø 1-2 ss kveitemjøl over den ferdigheva deiga og vend den litt saman ved hjelp av ein slikkepott.
- Set omnen på 250 grader over- og undervarme med eit steikebrett inni.
- Strø litt mjøl på eit bakepapir og hell deiga på dette. Strø mjøl over og nytt ein slikkepott til å forme ei avlang pølse. Eg brettar som regel pølsa dobbel på langs og deler opp rundstykker. Gjer det du synast er enklast og form 10-12 rundstykker.
- Ta ut det varme steikebrettet, dra bakepapiret med rundstykka over og set til bake i omnen.
- Skru ned temperaturen til 225-230 grader og steik i ca 15 min, til rundstykka er gyldne.
- Avkjøl på rist.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.