Tex-mex form med bønner og ris
Dette er ei skikkeleg digg og enkel taco-form som er lett å like. Kosemat som kan etast med berre ein gaffel eller ei skei, gjerne oppattvarma tilbakelent i sofaen. Retten er god nok til å serverast på ein helgekveld med familien men likevel enkel nok til å lagast på ein heilt vanleg kvardag, så her er det berre å gå i gong på kjøkkenet. Varier mengden chili alt etter kor sterkt du eller borna vil ha det.
Tex-mex form med bønner og ris
Til 4-6 personar treng du:
- 400 g kjøttdeig
- 2 dl jasminris
- 2 ts olivenolje eller kokosolje til steiking
- 1 raud paprika
- 1 liten løk
- 1/2 raud chili
- 2 ss tacokrydder
- 1 ts salt
- 1/2 ts spisskummen
- 1/2 ts koriander
- 1/2 ts peppar
- 400 g svarte bønner
- Cheddar og mozzarellaost til topping
- Tortillachips og lime
Slik gjer du:
- Set omnen på 180 grader.
- Skyl risen godt i eit dørslag, og kok 2 dl ris med 4 dl vatn.
- Del løk og paprika i bitar og finhakk chilien.
- Steik kjøttdeiga til den er gjennomsteikt og ha i løken siste minutta og steik med til den blir blank.
- Ha over tacokrydder, paprika og chili og bland godt.
- Skyll bønene godt i eit dørslag før du har dei over kjøttdeiga.
- Bland inn spisskummen og koriander i den ferdigkokte risen, og bland ris og kjøttdeig.
- Krydre med salt og peppar.
- Ha over i ei eldfast form, strø ost på toppen og gratiner i 10-15 minutt til osten har smelta.
- Server med tortillachips og lime til:)
Inspirasjon til denne retten fann eg i det australske bladet «Clean Eating» mar/apr 2015 utgåva, men laga med eigen vri.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.