![](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2015/01/20140722-dsc_0120-51-e1502133794415-1000x620.jpg)
Kvardagsvaflar
![hverdagsvafler](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2015/01/20140722-dsc_0115-6-1024x680.jpg)
Kvardagsvaflar er litt sunnare vaflar som du kan ete i staden for brødskiver når brødboksen er tom eller du har lyst på noko ekstra godt til frukost eller kveldsmat. Desse passar fint å ha med i matboksen óg, og kan serverast med det du måtte like av pålegg.
Mitt forslag er rykande varme med syltetøy på, eller avkjølte i matboksen dagen etter med eit salatblad, ost og skinke. Har du ein favoritt må du gjerne legge igjen eit hint i kommentarfeltet under:)
![sunn vaffel](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2015/01/20140722-dsc_0120-51.jpg?w=800)
Kvardagsvaflar
Til 8-10 vaffelplater treng du:
- 1,5 dl kveitemjøl
- 1,5 dl sammalt kveite (både grov og fin funkar)
- 1,5 dl havregryn
- 1/2 ts salt
- 1 ts bakepulver
- 4 dl mjølk
- 2 egg
- 2 ss smelta smør
![sunne vaflar](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2015/01/20140722-dsc_0111-6-1024x676.jpg)
Slik gjer du:
- Ha alt det tørre i ein bolle.
- Spe med litt og litt av mjølka og rør med ein visp slik at du får ei røre utan klumpar.
- Visp egga lett saman med ein gaffel og ha dei i røra.
- Bland til slutt inn smelta smør.
- La røra svelle i 15 min før du steiker vaflene i vaffeljarn.
- Avkjøl vaflene på rist, og oppbevar resten av røra i kjøleskap om du ikkje får brukt alt med ein gong.
![Kvardagsvaflar](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2015/01/20140722-dsc_0107-10.jpg?w=800)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.