Eltefritt brød med quinoa
«Superfrøet» quinoa får du kjøpt i velassorterte butikkar eller på helsekost og er eit svært godt alternativ å servere til middagen i staden for ris sidan det inneheld mykje protein, kalsium og mineralar. Dette vil eg gjerne at kidsa skal få i seg, men dessverre er ris framleis favoritten. Difor er eg snar å blande inn quinoarestane frå middagen i brøddeiga til dagen etter. Med «berre» kveitemjøl i tillegg blir dette eit lyst og fint brød som går ned på høgkant, utan at dei let seg merke av at dei får i seg quinoa i same slengen. Vinn-vinn med andre ord 🙂
Eltefritt brød med quinoa
Til eitt brød treng du:
- 250 g kokt quinoa
- 450 g kveitemjøl
- 1ts salt
- 1ts tørrgjær
- 1ss honning (kan sløyfast)
- 4 dl lunka vatn
Slik gjer du:
- Set bakebollen på vekta, null ut og mål opp direkte i bakebollen. Rør inn vatnet til deiga akkurat heng saman, set på lokk og la heve over natta.
- Brett deiga nokre gongar over kvarandre i bakebollen. (Her rører eg av og til inn litt meir mjøl om deiga er alt for rennande. Det avheng av kor tørr/fuktig quinoaen eg brukte dagen før var).
- Hell/skrap/velt deiga over i ei bakepapirkledd brødform. Dekk med plast eller eit klede og la etterheve i 20-30 min.
- Steik på nederste rist i 45-50 min på 200 grader. Brødet er ferdig når du høyrer ein hol lyd når du bankar på det frå undersida.
- Avkjøl på rist.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.