Ovnsbakt laks med krema spinat og quinoa
Enkel middag med laks som er lett å like og som har supert tilhøyr. Quinoa er nemleg kalla «superfrøet» fordi det innheld så mange næringsstoff. Spinat på toppen av det heile er heller ikkje dumt, og på 20-30 minutt har du super-middagen på bordet.
Quinoa til overs er digg å spare på til salaten dagen etter eller ha i deiga når du skal lage eltefrie rundstykker eller brød. Har du ikkje kjøpt quinoa før kan du leite i velassorterte daglegvarebutikkar eller stikke på helsekost:)
Til 2-3 personar treng du:
Laks:
- 400-500 g laks
- 1/2 sitron
- litt salt
Krema spinat og quinoa:
- ca 200 g spinat
- 2 fedd kvitløk
- 2 vårløk
- 1 dl fløyte
- 2 dl quinoa
- 4 dl vatn
- 1 klype salt
- salt og peppar
- friske urter på toppen
Slik gjer du:
Laks:
- Set steikeomnen på 160 grader.
- Legg laksen på eit eldfast fat, ha over salt og legg på eit par skiver sitron.
- Steik i 15-20 min, til fisken flakar seg.
Quinoa:
- Ha quinoafrøa i eit dørslag og skyll dei godt for å få vekk bittersmaken.
- Ha frøa i ei kasserolle saman med vatnet og ei klype salt.
- Kok opp og la småkoke med lokk i ca 15 min, til frøa opnar seg. Ta av lokket og la dampe tørre.
- Reins spinatblada, skyll og tørk dei i ei salatslynge.
- Finhakk kvitløk og vårløk.
- Surr løken i ei panne nokre minutt. Ha i spinatblada og steik til dei fell saman, medan du rører.
- Hell over fløyte og krydre med salt og peppar.
- Bland inn den ferdigkokte quinoaen tilslutt.
- Server med friske urter på toppen:)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.