Ein dag med VGTV

vgtv For ei god veke sidan var eg i Oslo for å spele inn ei episode av signaturretten, der godt.no og VGTV presenterar finalistane til Årets Matblogg. Det var ein spanande dag med veldig kjekke folk som gjorde alt for at eg skulle ha det bra dei hektiske timane det varte. I løpet av 6-7 timar hadde eg laga iskake og squashlasagne og dermed var min jobb gjort, og eg kunne returnere til vår «kvardag» her i Kuala Lumpur i Malaysia. vg tv

Kuala Lumpur ja…! Vi flytta ned hit i august, og skal etter planen vere her i eitt år. Min mann jobbar for eit norsk firma, kidsa går på internasjonal skule og mor i huset har god tid til å bli kjent med det asiatiske kjøkkenet. Malaysia er nemleg ein herleg smeltedigel av malayar, indarar og kinesarar -og ikkje minst maten deira. At landet ligg rett sør for Thailand og Vietnam er heller ikkje dumt.

I denne storbyen finn eg råvarer eg tidlegare berre har sett bilete av, og krydder ein berre kan drøyme om å finne i ei lita norsk bygd. Her ligg med andre ord alt til rette for gode asiatiske rettar. Etter hektiske veker med innkjøring på skule, handling og «bli-kjent-med-byen»-turar byrjar kjøkkenet endeleg å bli såpass utstyrt at det er kjekt å lage mat igjen. Fleire spanande rettar er kokkelerte og snart klare til å blir publiserte på bloggen. Eg gler meg til å utforske og oppdage meir, og håper at du let deg friste til å prøve ein ny rett eller to du óg.

blogging

Sidan «Signaturretten» blei spelt inn på eit lånt kjøkken (hjå ei veldig kjekk dame), får de her sjå bilete av korleis kjøkkenet mitt ser ut i år. Ok+ er vel karakteren det ville ha fått heime i mi bygd, der ein ikkje kastar om seg med superlativ. Med andre ord; eit fin-fint kjøkken å kokkelere på!

kjøkken kuala lumpurHåper du heng med vidare, og har du nokre asiatiske favorittar vil eg gjerne høyre om dei:) Vil du sjå videoen som blei laga finn du den her. VGTV intervju Og så må du hugse å stemme på din favoritt her😉

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.