Enkel Oreo-iskake
Denne iskaka er super-enkel å lage og krev minimalt med utstyr og innsats. Ein liknande variant finn du her og den funkar finfint om du skal ete isen litt etter litt og ha den i fryseboksen. Skal du derimot servere isen i fint lag er det ekstra stas å kunne servere som kake, det gjer seg godt på dessertbordet.
Enkel Oreo-iskake
Til ei kake (22-24cm) treng du:
- 3 dl kremfløyte
- 200 g sukker
- 3 egg
- 200 g philadelphia eller snøfrisk naturell ost
- 2 pk Oreokjeks + litt ekstra som pynt
- Litt sitronmelisse til pynt (kan sløyfast)
Slik gjer du:
- Legg oreokjeksa i ein brødpose og bruk knyttneven til å mose dei godt saman.
- Kle ei rund kakeform med bakepapir, og fordel oreokjeksa i botnen. Trykk dei godt saman.
- Skill egga.
- Pisk eggekviter og sukker til det blir blankt (5-10 min).
- Pisk kremen.
- Bland eggeplommer og kremost.
- Bland alt.
- Set i frysaren i minst 3-4 timar, gjerne over natta.
- Skjær rundt kanten med ein kniv før du losnar forma.
- Set på kakefat og pynt med hakka oreokjeks og sitronmelisse.
TIPS: om kaka skal stå framme på bordet ei stund kan det vere kjekt å ha i nokre plater gelatin slik at den held seg litt lenger. Då legg du 3 plater gelatin til bløyt i kaldt vatn. Etter ti min knip du ut vatnet av platene og rører dei ut i 1/2 dl varmt vatn. La vatnet avkjøle seg litt før du rører det inn i massen etter pkt 7. i oppskrifta. Lukke til:)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.