Heimelaga is med Oreokjeks

heimelaga is

Enkle men gode rettar er ein vinnar her i heimen (som du kanskje har fått med deg). Difor måtte denne isen lagast i ein ny variant, og det kjem nok fleire..! Eg har bytta ut Philadelphiaost med den norske versjonen Snøfrisk, og det blei veldig bra. Om Oreokjeks er favoritt i heimen blir du ein helt med denne på dessertbordet!

Heimelaga is med Oreokjeks

  • 3 dl kremfløyte
  • 200 g sukker
  • 3 egg
  • 200 g (1,5-2) pk Snøfrisk
  • 1 pk Oreokjeks
oreois

Slik gjer du:

 

  1. Hakk oreokjeksa i små bitar.
  2. Skill egga.
  3. Pisk eggekviter og sukker til det blir blankt og stivt (5-10 min).
  4. Pisk kremen.
  5. Bland eggeplommer og snøfrisk
  6. Bland alt.
  7. Ha over i ei skål som tåler frysar, dekk med plast eller lokk.
  8. Set i frysaren i minst 3-4 timar, gjerne over natta.
  9. Klar til servering!
is med oreo

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.