Enkel BBQ-saus
Inspirert av dyktige Hobbykokken har vi gått i gong og laga vår eigen barbequesaus. Vi heldt oss på heilt basic nivå, men om du er klar for fleire ingrediensar og vil vite meir om kvar sin ingrediens sin funksjon anbefalar eg å klikke inn og lese innlegga han har om barbequesaus. Denne enkle versjonen smakar knallgodt, og vi har brukt den både på kylling, svin og burger med stort hell. Ikkje vanskeleg, og det lille ekstra som skal til.
Du treng:
- 2 dl Cola
- 2 dl ketchup (gjerne Heinz økologisk)
- 2 stk mellomstore løk, skrella og finhakka
- 2 fedd kvitløk, skrella og finhakka
- 1/2 ts paprikapulver
- 2 ss Worchestersaus
- 3 laurbærblad
- 1/2 ts chilipulver
Slik gjer du:
- Ha alt i ei kasserolle og kok opp.
- La småkoke i ca 20 min.
- Fisk ut laurbærblada og kjør sausen glatt med ein stavmiksar.
- Avkjøl og oppbevar på tett glas.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.