Salat med asparges, jordbær og spekeskinke
Til ein porsjon treng du:
- 2 nevar crispisalat
- 2 asparges i bitar
- 5 cm squash i strimlar/bitar
- ¼ gul paprika i bitar
- 10-12 mynteblad
- 6 jordbær delt i to
- 3-4 skiver spekeskinke
Balsamicovinaigrette:
- 1 ss balsamicoeddik
- 1ss ekstra virgin olivenolje
- 1 ts sitronsaft
- salt og peppar
Slik gjer du:
- Skyll salatblada godt, og tørk dei i ei salatslynge. Riv opp og legg på ein tallerken.
- Fordel over resten av grønsakene og spekeskinka.
- Rør saman vinaigrette og ringle over.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.