Reklame

Kjøleskapsgraut med chia, kokos og banan

Kjøleskapsgraut med chia, kokos og banan er ei ferdig blanding frå Helios, som du enkelt rører ut med litt væske. Set grauten i kjøleskapet over natta og nyt ein enkel frukost dagen etter. Mmmm!

Kjøleskapsgraut med chia, kokos og banan  Kjøleskapsgraut med chia, kokos og banan

Kjøleskapsgraut med chia, kokos og banan

Eg har brukt mandelmjølk når eg har laga den, men du må gjerne bruke vanleg mjølk eller ei anna plantebasert mjølk. Kokosmjølk funkar veldig bra om du vil ha endå meir kokossmak på grauten din.

Kjøleskapsgraut med chia, kokos og banan

Oppskrift på Kjøleskapsgraut med chia, kokos og banan

1 porsjon / Tid: 5 min + 8-12 t

  • 1 dl Helios kjøleskapsgrøt
  • 1 dl mandelmjølk + litt ekstra
  • Bringebær
  • Blåbær
  1. Rør saman kjøleskapsgrøt og mandelmjølk i eit glas.

  2. Set glaset i kjøleskapet over natta.

  3. Spe eventuelt med litt meir mjølk, og topp med bringebær og blåbær. Nyt!

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.