Fiskebollar i karrisaus

Fiskebollar i karrisaus er så mykje enklare å lage enn du trur. Har du nokon gong laga kjøttkaker? Det er ganske likt, og dette er ein slik rett som går veldig kjapt å lage når du først har gjort det ein gong. Du treng ei kjøkkenmaskin med knivar og så må råvarene du skal bruke vere kalde.

fiskebollar i karrisaus

Fiskebollar i karrisaus

Fiskebollar er ein perfekt måte å få brukt opp fangsten på, her kan du bruke både lyr, sei eller torsk. Alt etter kva du fekk på fisketuren. Det er berre å gjere opp fisken og så legge den i kjøleskapet til dagen etter. På den måten er fisken kjøleskapskald når du skal lage middag, og du kan kjøre det raskt saman i kjøkkenmaskina.

fiskebollar i karrisaus

Karrisausen er vanleg kvit saus, men med ei teskei karri rørt inn. Dersom nokon er skeptisk til dette kan du lett lage kvit saus i staden, og setje karriglaset på bordet for dei som vil ha.

fiskebollar i karrisaus

Oppskrift på Fiskebollar i karrisaus

4 porsjonar / Tid: 45 min

Fiskebollar

  • 400-500 g kvit fisk
  • 1 ts salt
  • 1/4 ts pepar
  • 1 ss potemjøl
  • 1 egg
  • 2 dl H-mjølk
  • 2 liter vatn/rekekraft

Karrisaus

  • 2 ss smør
  • 1 ts karri
  • 2 ss mjøl/glutenfritt mjøl
  • 2 dl H-mjølk
  • 2-3 dl vatn/rekekraft

Serverast med

  • Kokte poteter
  • Riven gulrot
  1. Kok opp ein kasserolle med rekekraft eller vatn, gjerne med litt fiskebuljong eller liknande for meir smak. Skru ned varmen slik at vatnet held akkurat under kokepunktet.

  2. Ha kjøleskapskald fisk og salt i ei matmølle med knivar. Køyr til det er ei jamn masse.

  3. Ha i potetmjøl og pepar og køyr til det er godt blanda.

  4. La maskina gå og ha i egg og spe med mjølka litt etter litt.

  5. Bruk to spiseskeier eller ei isskei og lag fiskebollar som du legg rett i det varme vatnet/krafta. La fiskebollane trekke i ca 15 minutt.

  6. Lag karrisaus i ein annan kasserolle. Smelt smøret og rør inn karri og mjøl. Spe med mjølka litt etter litt og rør godt mellom kvar gong for å unngå klumpar. Aus av krafta som fiskebollane kokar i og rør inn dette også litt etter litt.

  7. Ha dei ferdige fiskebollane i karrisausen og server med kokte poteter, riven gulrot og frisk persille på toppen.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.