Laks i form

laks i form

Laks i form er ein enkel middag som i tillegg er klar på under ein halvtime. Rødløk og spinat smakar veldig godt saman med laks, og med litt chili blanda i blir det akkurat passe futt i retten.

Har du lyst å supplere med fleire grønsaker, eller ta ei opprydding i grønsakskuffen passar det bra, for her er det plass til det du måtte ønskjer. Pass på at du vel grønsaker som ikkje treng så lang tid i omnen, slik at du slepp å leggje til ekstra steiketid, eller grønsaker som gjerne kan vere litt rå og ha litt krønsj.

Laks i form til 2-3 personar:

  • 2 laksefiletar
  • ½ rødløk
  • 2-3 nevar babyspinat (eller frosen spinat)
  • 2 fedd kvitløk
  • ½ raud chili
  • ca 3 dl fløyte (kremfløyte eller matfløyte)
  • salt og peppar

Slik gjer du:

  1. Del laks i terningar, rødløk i tynne båtar og hakk kvitløk og chili.
  2. Legg alt i ei eldfast form og hell over matfløyte, krydre med salt og peppar.
  3. Steik i omnen på 200 grader i ca 20 min, til laksen fell frå kvarandre.
  4. Server med fullkornpasta til eller berre retten som den er.
lakseform

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.