Reklame

Quinoasalat med søtpotet og graskarkjerner

Quinoasalat med søtpotet og graskarkjerner funkar å servere både varm, lun eller heilt avkjølt. Dette er fint tilbehør å ha til grillmat eller anna sommarmat, og fint å ta med ut. Omnsbakt søtpotet er nydeleg på smak, og saman med nøttesmak frå quinoaen og knasande graskarkjerner gjer den seg godt.

quinoasalat med søtpotet og graskarkjerner

Quinoasalat med søtpotet og graskarkjerner

Quinoa har eit høgt innhald av kostfiber, vitamin B1 og minerala magnesium, jern, fosfor og sink. Qunioa er også ein god proteinkilde og blir kalla for «Inkaane sitt gull» på grunn av det høge næringsinnhaldet. Det er med andre ord god grunn til å bytte ut ris og pasta med quinoa innimellom. Kanskje fekk du lyst til å lage Quinoapizza?

quinoasalat med søtpotet og graskarkjerner
Har du andre friske urter kan du gjerne variere med det. Frisk mynte eller basilikum er nydeleg på toppen. Her er det berre å bruke det du har i balkongkassa eller i hagen.

quinoasalat med søtpotet og graskarkjerner

Oppskrift på Quinoasalat med søtpotet og graskarkjerner

4 porsjonar / Tid: 45 min

Quinoasalat

  • 2 dl Helios quinoa
  • 4 dl vatn
  • 400 g søtpotet (1 stor)
  • 1/2 ts flaksalt
  • 2 ss olivenolje
  • 1 dl Helios graskarkjerner
  • 1 dl grovhakka koriander

Dressing

  • 1 dl olivenolje
  • 1 ts kvitvinseddik
  • 1 ts flaksalt
  • 1/4 ts pepar
  • 1 klype chiliflak
  1. Skyl quinoaen i eit dørslag, eller bløytlegg den over natta. Ha quinoaen over i ein kasserolle, og ha i vatnet. Kok opp og la småkoke under lokk til quinoaen har fått små "halar". Ta av lokket og set til side.

  2. Set omnen på 225 grader over- og undervarme. Skrell og del søtpoteta i terningar. Fordel utover eit bakepapirkledd steikebrett og ringe over olivenoljen. Strø flaksalt over og set brettet midt i omnen i ca 20 minutt. Vend rundt på søtpotetene ein gong under steiketida.

  3. Rist graskarkjerner i ei tørr steikepanne til dei byrjar å få farge.

  4. Rør saman dressingen og vend denne inn i quinoaen.

  5. Legg opp quinoa,søtpotet og graskarkjerner på eit fat. Strø koriander på toppen.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.