Kikert-pannekaker (utan egg, mjøl eller mjølk)

Desse kikert-pannekakene er supre å lage om du har nokon som må ha glutenfritt, mjølkefritt eller utan egg. Eller om du vil ha ekstra proteinrike pannekaker. Den essensielle ingrediensa er kikertmjøl, også kalla besan eller gram flour, som oppfører seg på ein heilt anna måte enn kveitemjøl. Med det i kjøkkenskuffa treng du strengt tatt berre litt vatn for å lage heilt enkle pannekaker. I denne oppskrifta har vi pimpa den bittelitt opp og hatt i litt bakepulver og vaniljesukker for smaken si skuld.

kikert-pannekaker

Kikert-pannekaker

Om du vil ha tynne pannekaker eller tjukke som på biletet her er opp til deg. Det varierar du enkelt ved å justere mengden væske du har i. Røra kan gjerne stå å svelle litt før du steiker, men vi har rørt saman og steikt med det same dei aller fleste gongane, og det går heilt fint.

Oppskrift på Kikert-pannekaker (utan egg, mjøl eller mjølk)

1-2 porsjon / Tid: 20 min

  • 2 dl kikertmjøl
  • 1/2 ts bakepulver
  • 1/2 ts vaniljesukker
  • 1 dl havremjølk
  1. Visp saman kikertmjøl, bakepulver og vaniljesukker til klumpane er vekke.

  2. Rør inn havremjølka.

  3. Smelt smør/nøytral olje i ei panne og steik pannekakene til dei er gylne på begge sider.

  4. Server med lønnesirup eller din favoritt topping.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.