Daimiskake med mokkasmak

Daimiskake med mokkasmak er nydeleg og populær å ta med til eit kakebord. Sidan kaka kan lagast lang tid i førevegen blir det null stress når festdagen nærmar seg. Ei perfekt festkake med andre ord, både for deg som skal lage den og for dei heldige som får smake.

Daimiskake med mokkasmak

Ei av dei første oppskriftene her på bloggen var denne Daimiskaka, laga i ei 24 cm form med nesten dobbelt så mykje kremfløyte i. Kjempegod, og verkeleg ein favoritt her på bloggen som eg veit mange har laga om og om igjen.

Daimiskake med mokkasmak

Den nye varianten med mokkasmak som du finn her passar til ei 22 cm form, og med mindre mengde kremfløyte kjenner ein kaffismaken endå betre. I tillegg er det tettare mellom sjokoladebitane, som også er auka i mengde. Ei herleg justering som passar for sjokolade- og kaffielskarar med andre ord.

Håper kaka fell i smak!

Oppskrift på Daimiskake med mokkasmak

22 cm rund form / 8-10 porsjonar porsjonar / Tid: 2 t + frysing

Mandelbotn

  • 200 g mandlar
  • 125 g melis
  • 4 eggekviter

Is

  • 4 eggeplommer
  • 100 g sukker
  • 3 dl kremfløyte
  • 1 dl kaffi
  • 3 plater gelatin
  • 3 doble Daim-sjokoladeplater
  1. Set omnen på 180 grader over- og undervarme.

  2. Mandelbotn: Køyr mandlane i ei matmølle til dei er melne. Ha i melisen og køyr til det er heilt blanda. Ha eggekvitene i ein annan bolle og visp til det er heilt stivt. Vend saman eggekvitene med mandelmassa til det er ei jamn blanding. Fordel røra i ei 22 cm rund form og steik på nederste rille i steikeomnen i ca 30 minutt. Avkjøl på rist, framleis i forma.

  3. Daimis: Legg gelatinplatene i bløyt i kaldt vatn i 10 min. Knip ut vatnet og rør dei inn i kaffien til alt er oppløyst. La kaffien stå og avkjøle seg medan du gjer klart resten. Visp eggeplommer og sukker til eggedosis. Bland inn kaffien. Visp kremfløyta til krem og vend inn. Grovhakk Daim og rør inn 2/3. Ha isen over i forma med den avkjølte mandelbotnen og strø resten av sjokoladen over. Dekk med plast og set kaka i frysaren.

  4. Ta kaka ut av frysaren 30 minutt før servering, og skjær langs kanten med ein kniv for å losne forma. Nyt!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.