Vekemeny 22
Ny veke igjen, og faktisk den siste i mai! Vips så var festmånaden overstått og vi nærmar oss feriemodus. Her får du denne vekas tips til kva du skal sette på bordet!
Ha ei fin veke!
Mandag
Søtpotet- og linsegryte med spinat
Søtpotet- og linsegryte med spinat er nydeleg på smak og lett å trylle fram. Ingrediensane er slike som eg gjerne har tilgjengeleg i kjøkkenskapet. Og då kan denne gryta enkelt… Fortsett å les »
Tysdag
Satayspyd
Satayspyd er nydeleg, og tilgjengeleg stor sett over alt i Asia. Det finnast mange versjonar av den, og etter prøving og feiling har vi no funne det vi synest er… Fortsett å les »
Onsdag
Fiskesuppe med reker og blåskjell
Ein ting vi norske var rimeleg enige om at vi sakna i Asia var fisk og fiskemat. Eller for å vere meir korrekt; fisk laga på nordiske måtar. I Asia… Fortsett å les »
Torsdag
Fiskegrateng med potetmos
Fiskegrateng med potetmos er familievenleg mat som både små og store likar. I denne versjonen er det reker, men det kan du hoppe over om det finnast skeptikarar. Eller så… Fortsett å les »
Fredag
Pasta med ramsløkpesto
Pasta med ramsløkpesto er nesten ikkje ei oppskrift. Så enkelt er det! Men det enkle er jo ofte det beste, og denne kjappe kvardagsretten må anbefalast vidare. Om du har… Fortsett å les »
Laurdag
Gratinert blomkål
Gratinert blomkål er ein nydeleg måte å bruke rotgrønsaka som du finn over alt i butikkane no. Med ein kjapp heimelaga ostesaus funkar dette som eit eige måltid. Eller som… Fortsett å les »
Søndag
Enkel BBQ-saus
Inspirert av dyktige Hobbykokken har vi gått i gong og laga vår eigen barbequesaus. Vi heldt oss på heilt basic nivå, men om du er klar for fleire ingrediensar og… Fortsett å les »
Vekas brødmat
Brød med rugflak
Brød med rugflak har deilig sprø skorpe og nydeleg smak av rug. Sidan brødet skal langtidsheve på benken treng det ikkje elting, berre tid. Rør saman deiga om kvelden og… Fortsett å les »
Noko godt
Bringebær-ispinne
Bringebær-ispinne har blitt testa ut her i heimen, både i versjon med for lite søting og i versjon med akkurat passe søting. Den første versjonen var det to nabokids som… Fortsett å les »
Vekas kake
Bakt ostekake
Bakt ostekake er nydeleg! Søt og crunchy botn med syrleg og deilig ostefyll. Den liknar litt på Key Lime Pie, og eg har difor falle for freistinga med å bytte… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.