Pasta med ramsløkpesto

Pasta med ramsløkpesto er nesten ikkje ei oppskrift. Så enkelt er det! Men det enkle er jo ofte det beste, og denne kjappe kvardagsretten må anbefalast vidare. Om du har lyst til å servere pastaen som tilbehør til noko anna kan du sjølvsagt det, men dette går som ein rett i seg sjølv.

Pasta med ramsløkpesto

Har du ramsløkpuré eller ramsløkpesto ståande i kjøleskapet er denne retten ferdig på 15 minutt. Og det er inkludert tida det tek å leite fram gryter og pasta. Kjapp, kjappare, kjappast.

Har du ikkje ramsløkpesto i kjøleskapet er det på tide å kome seg ut å plukke blada før dei blir for gamle. Legg i frysaren eller lag ramsløkpuré som du kan ha ståande i kjøleskapet i lang tid. Har du ikkje moglegheit til å plukke kan du kjøpe med deg eit glas frå ein velassortert butikk. Men då er det ikkje gratis lenger. Helsing sunnmøringen.

ramsløkpesto

Uansett kvar du får ramsløken din frå er det berre å koke pasta, blande inn pesto og servere. Vil du ha litt grønsaker til så inkluder det. Det same gjeld for spekeskinke, god pølse eller ekstra ost. Legg det du vil på fatet og nyt kjapp og enkel middag.

Pasta med ramsløkpesto

enkel pasta ramsløk

Oppskrift på Pasta med ramsløkpesto

2 porsjonar / Tid: 15 min

  • 150-200 g pasta
  • 2-3 ss ramsløkpesto
  • 2 ss pinjekjerner
  • salt og pepar
  1. Kok pasta al dente.

  2. Rør inn ramsløkpesto

  3. Rist pinjekjernene i ei tørr steikepanne til dei blir gylne.

  4. Strø over pinjekjerner, salt og pepar. Servér!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.