Reklame
Kylling i pita med mynte-tzatziki
Kylling i pita med mynte-tzatziki er middag som er ferdig på under 20 minutt. Du varmar pitabrød, steiker kyllingbitar i panna og rører saman mynte-tzatziki. I tillegg treng du litt grøn salat, agurk og rødløk. Om du set det på bordet kvar for seg får dei minste taco-assosiasjonar og vips er middagen ein suksess.
Kylling i pita med mynte-tzatziki
I denne oppskrifta har eg brukt det nye grillkrydderet til Helios. Perfekt å ha ei ferdig blanding i krydderskuffa når det skal gå kjapt. Eg strør over medan kyllingbitane brunar seg på eine sida, og vender bitane etterpå. Nydeleg!
Oppskrift på Kylling i pita med mynte-tzatziki
Kylling i pita
- 4 pitabrød
- 300 g kylling
- 2 ss olje (kokos el. raps)
- 1-2 hjertesalat
- 1/2 agurk
- 1/2 rødløk
- 2 ss Helios grillkrydder
Mynte-tzatziki
- 3 dl gresk yoghurt
- 1/2 agurk
- 1/2 potte mynte
- 1 ts kvitvinseddik
- 1 fedd kvitløk
- 1/4 ts salt
- 1/4 ts pepar
Varm pitabrød i steikeomn etter innstruks på pakken.
Del opp kylling i bitar og steik i ei panne saman med olje og krydder.
Rør saman mynte-tzatziki, riv agurk på eit grovt rivjarn og finhakk kvitløk og mynte.
Riv salat i bitar, del rødløk og agurk i skiver.
Server pitabrød med salat, rødløk, agurk, kyllingbitar og mynte-tzatziki på toppen.
Dette blogginnlegget er reklame for Helios
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.