Reklame

Omnssteikt kylling med gul pesto og hasselbackpoteter

Eg har fått skikkeleg sansen for mat laga i langpanne i steikeomnen. Det ser så lekkert ut, og så smakar det så nydeleg med omnsbakte grønsaker. Med litt knas på toppen og friske fargar er dette ei fryd å sette på bordet.

gul pesto

Omnssteikt kylling med gul pesto og hasselbackpoteter

I denne versjonen er det kylling med gul pesto som får spele hovudrolla, og det gjer den med glans. Gul pesto har du kanskje ikkje testa før? Det må du gjere! Her snakkar vi mild smak av India som både små og store kan like.

Omnssteikt kylling med gul pesto og hasselbackpoteter

Retten har fått ein enkel cumindressing ved sidan av og cashewnøtter og koriandre på toppen. Har du eit glas mangochutney ståande i kjøleskapet vil eg tipse deg om å leite det fram. Det er prikken over i’en på ein fargerik kvardagsmiddag.

Omnssteikt kylling med gul pesto og hasselbackpoteter

Håper langpanne-middagen fell i smak! Velbekomme😊

Oppskrift på Omnssteikt kylling med gul pesto og hasselbackpoteter

3-4 porsjonar / Tid: 60 min

  • 8 poteter med tynt skal
  • 4-6 gulrøtter
  • 2 ss olivenolje
  • 400 g kylling
  • 1/2 glas Helios gul pesto
  • 1/2 raud paprika
  • 3 vårløk
  • 2-3 ss cashewnøtter
  • 1/2 lime
  • 1/2 granateple
  • 1 neve frisk koriander
  • Salt og pepar

Cumindressing

  • 2 dl lettrømme
  • 1 ts cumin
  • 1/2 lime
  1. Set omnen på 225 grader over- og undervarme. Gjer klar ei langpanne med bakepapir.

  2. Vask potetene godt og del dei opp i tynne skiver, nesten heilt gjennom poteta. Sjå tips i teksten over. Del gulrøtter i bitar på 1-2 cm. Fordel på brettet og ringle olivenolje over. Steik midt i omnen i 25 minutt.

  3. Del kyllingfiletane i 4 bitar og smør ca 1 ts med gul pesto på toppen av kvar. Del opp paprikaen i strimlar. Legg kylling, paprika og cashewnøtter på brettet saman med resten og steik i 20 minutt til.

  4. Press safta frå 1/2 lime og bland saman med cumin og lettrømme. La dressingen stå og godgjere seg til resten er ferdig.

  5. Del vårløk i ringar, og ta ut kjernene frå granateplet. Strø vårløk, granateplekjerner, limebitar og frisk koriander over langpanna og set heile brettet på bordet.

  6. Cumindressingen serverer du ved sidan av, og har du mangochutney smakar det også kjempegodt til!

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.