Reklame

Tørre vaflar med sjokoladetrekk

Tørre vaflar med sjokoladetrekk kan lett funke som ei julekake spør du meg. Tørre vaflar er ein favoritt hjå dei små i huset her, og du finn ein annan versjon på dei her. Vanlege vaflar eller brødvaflar lagar vi opptil fleire gongar i veka i heimen, men desse tørre vaflene er liksom til best. Søndagsvaflar om du vil!

tørre vaflar med sjokoladetrekk

Tørre vaflar med sjokoladetrekk

tørre vaflar med sjokoladetrekk

Du treng slett ikkje dekke vaflane med sjokolade, det er berre sjokolade-fantasten her som synest alt blir betre med sjokolade på toppen. Eller kanskje kan du dekke halvparten med sjokolade? Dei er nok enklare å oppbevare i kakeboks utan sjokolade på. Då er det ingen fare for at dei klistrar seg saman, så halvt om halvt kan vere ei god løysing. Men det er ikkje sikkert du får oppbevart dei så lenge, for desse blir nok populære!

tørre vaflar med sjokoladetrekk

Oppskrift på Tørre vaflar med sjokoladetrekk

ca 10 plater / 20 porsjonar / Tid: 45 min

Tørre vaflar

  • 125 g smør
  • 2 egg
  • 125 g sukker
  • 225 g potetmjøl
  • 1 ss kveitemjøl (kan sløyfast)
  • 1 ts Helios bakepulver
  • 0,5 ts Helios vaniljepulver

Sjokoladetrekk

  • 200 g mørk sjokolade
  • 1 ts Helios kokosolje

I tillegg treng du

  • Smør til steiking
  1. Smelt smøret.

  2. Visp sukker og egg til luftig eggedosis.

  3. Vend inn det smelta smøret, og så alt det tørre. Kveitemjølet kan du sløyfe om du vil lage glutenfrie tørre vaflar, viss ikkje rører du det inn.

  4. Varm opp vaffeljarnet og smør jarnet godt. Bruk ei isskei eller to spiseskeier for å få røra i vaffeljarnet.

  5. Steik til vaflene er gylne, og legg dei så over på ei rist for avkjøling. Vaflene blir harde først når dei har blitt kalde.

  6. Del sjokoladen i bitar og ha den i ein bolle saman med kokosoljen. Smelt sjokoladen over vassbad. Bruk ei skei og aus sjokolade over halve vaffelhjartet og legg så på ei rist for å stivne.

  7. Oppbevar i tett kakeboks.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.