Butter Chicken

Butter Chicken er ein nydeleg indisk rett, som slett ikkje er så vanskeleg å lage som ryktet har det til. Du treng ei full krydderhylle, men det anbefaler eg jo at du har likevel. Krydder kostar ikkje mykje og held seg lenge, så det er det vel verdt å investere i.

butter chicken butter chicken oppskrift butter chicken oppskrift

Butter Chicken

Det einast krydderet som kan vere utfordrande å finne på ein liten daglegvarerbutikk er «Garam masala». Dette er ei indisk krydderblanding som varierar frå region til region, og frå merke til merke. Garam betyr sterk og masala betyr krydder. Ofte består blandinga av pepar, chili, koriander, spisskummen, kardemomme, kanel, muskat og nellik. Som du ser i oppskrifta er dette stort sett krydder som også er med kvar for seg, så om du ikkje finn garam masala går det fint. Ha i litt ekstra av dei kryddera som står i oppskrifta, og tilset litt spisskummen og pepar i tillegg så er du redda. Hugs at det er lov å eksperimentere på kjøkkenet!

butter chicken butter chicken

Oppskrift på Butter Chicken

4 porsjonar / Tid: 30 min + marinering

Kylling

  • 600 g kylling

Marinade

  • 400 g yoghurt naturell
  • 3-4 fedd kvitløk
  • 2 ss finhakka ingefærrot
  • 1 ts salt
  • 1 ss chilipulver
  • 1 ss gurkemeie
  • 1 ss garam masala
  • Saft frå 0,5 sitron

Saus

  • 2 ss olje (kokos el. raps)
  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 0,5 ts kardemomme
  • 1 ts malt koriander
  • 1 ss gurkemeie
  • 1 ss chilipulver
  • 1 ts kanel
  • 1 klype malt nellik
  • 400 ml hermetiske tomatar
  • 2 dl kremfløyte
  • 120 g smør
  • Saft frå 0,5 sitron

Serverast med

  • Jasminris
  • Nanbrød
  • Frisk koriander
  1. Bland saman finhakka kvitløk og ingefær med resten av ingrediensane til marinaden. Del kyllingen i bitar på ca 2x3 cm og legg den i marinaden. La marinere så lenge du har tid, dess lenger dess betre. Lag gjerne dagen før og la stå i kjøleskapet over natta. Har du gløymt å marinere la den ligge så lenge du kan, men då kan den stå på kjøkkenbenken. Ein time er betre enn ingenting.

  2. Lag sausen: varm olje i ei gryte og ha i hakka løk og steik til løken blir blank. Ha i hakka kvitløk og alt krydderet. Steik vidare medan du rører rundt, i 1-2 minutt. Hell over dei hermetiske hakka tomatane og kremfløyta. Kok opp og la småkoke i 15-20 minutt.

  3. Set på grillelementet på steikeomnen, eller 225 grader over- og undervarme om du ikkje har grillelement. Plukk kyllingbitane ut av marinaden og legg i ei eldfast form, steik til dei har fått ei gyllen overflate. Dette tek 5-10 minutt under grillelementet, 15-20 minutt med vanleg varme. Kyllingbitane treng ikkje vere heilt gjennomsteikte, dei kan trekke ferdig i sausen.

  4. Trekk sausen frå varmen og køyr den glatt med ein stavmiksar. Ha i kaldt smør, ca 1 ss i gongen, og rør til alt er smelta. Set gryta tilbake på varmen, og hald den varm. Rør inn sitronsafta og legg så dei grilla kyllingbitane i.

  5. Varm nanbrøda og server butter chicken med ris og frisk koriander til.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.