Vegetarlasagne med penne og creme fraiche
Vegetarlasagne med penne og creme fraiche blei til ein gong vi mangla pastaplater for å lage vanleg lasagne. I staden hadde vi pasta penne og det viste seg å funke som berre det. I tillegg er den kvite sausen erstatta av ei boks creme fraiche. Enkelt og godt, perfekt kvardagsmiddag.
Vegetarlasagne med penne og creme fraiche
I denne versjonen har eg brukt penne som er laga av linser og bokhvete. Eg likar gjerne å variere kva type pasta vi har, og denne smakte godt! På toppen har eg brukt skiver av cheddar og riven mozzarella. Du kan bruke den osten du har, gjerne ei blanding av ulike typar og gjerne restar. Perfekt måte å bli kvitt siste skalken på.
Som tittelen gir er dette ein vegetarversjon, men om du vil ha kjøttdeig i kan du berre steike den og blande den inn med løken. 400 g kjøttdeig og ei ekstra boks med hakka tomat burde vere passe.
Oppskrift på Vegetarlasagne med penne og creme fraiche
- 250 g pasta penne
- 2 ss olivenolje
- 1 løk
- 2 fedd kvitløk
- 2 ss tomatpuré
- 1 ts oregano
- 1 ts basilikum
- 1 ts salt
- 1/2 ts pepar
- 2 stangselleri
- 2 gulrot
- 400 g hakka tomat
- 1 dl grønsakskraft el buljong
- 3 dl creme fraiche
- 2 ss vatn
- 1-2 dl riven ost
Set omnen på 225 grader over- og undervarme.
Kok pastaen al dente. Hell av kokevatnet og fordel i ei eldfast form.
Del løk i terningar og surr i olivenolje til løken blir blank. Ha i finhakka kvitløk, oregano og basilikum. Rør inn tomatpuré og la frese med i eitt minutt.
Del gulrot og stangselleri i bitar og ha i gryta. Hell over hakka tomat på boks og grønsakskraft. Kok opp. La småputre så lenge du har tid, minimum 10 minutt.
Fordel tomatsausen over pastaen i den eldfaste forma.
Rør ut 2 ss vatn i creme fraichen, slik at den blir litt meir flytande. Fordel over tomatsausen.
Strø ost på toppen og gratiner midt i omnen til osten har smelta og er gyllen, ca 20 minutt.
Server med grøn salat og godt brød til.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.