Sjokolade­granola med quinoa

Sjokoladegranola med quinoa er ein ny tvist på denne granolaen med quinoa og bringebær sidan den blei ein stor favoritt og forsvann fort. Ny batch måtte lagast, og denne gongen kokte eg like gjerne dobbel porsjon av quinoa og laga ein versjon med sjokolade i. Mmmm! Sa du dessert til frukost? Ja, det smakar slik!

sjokoladegranola med quinoaDet som tek tid med denne granolaen her, er å koke quinoa og steike den tørr i steikeomnen etterpå. Det krevst at du er til stades og rører rundt under vegs, slik at alt blir steikt. Har du dårleg tid kan du kutte ut quinoaen eller erstatte det med andre nøtter og kjerner. Men det anbefalast å ta seg tid til å få den med altså! Nydeleg knasande nøttesmak.

Sjokoladegranola med quinoa

Viss du bløytlegg quinoaen over natta, blir den lettare fordøyeleg. For å gjere dette har du quinoa i ein bolle med 2-3 gongar så mykje vatn og ei ts eplecidereddik. La bløytinga stå i ca 8 timar, og hell så av vatnet. Skyl quinoaen gjennom eit dørslag til den sluttar å skumme og bruk den så som i oppskrifta.

sjokoladegranola med quinoa

Oppskrift på Sjokolade­granola med quinoa

8-10 porsjonar / Tid: 2 t

  • 2 dl quinoa
  • 4 dl vatn
  • 2 dl havregryn
  • 2 dl solsikkekjerner
  • 2 dl graskarkjerner
  • 1 dl knuste linfrø
  • 1 dl kokosmasse
  • 2 ss kokosolje
  • 3 ss lønnesirup
  • 2 ss kakao
  • 1 klype salt
  1. Skyl quinoaen i eit dørslag og kok under lokk med vatnet til frøa har opna seg og fått små halar. Dette tek 15-20 minutt. Ta gjerne av lokket siste minutta, slik at du får dampa vekk litt av vatnet.

  2. Fordel quinoaen på eit bakepapirkledd steikebrett og steik midt i omnen på 160 grader varmluft.

  3. Rør rundt i quinoaen etter 20 minutt, og steik vidare. Gjenta omrøring og steiking i 20 minutt til quinoaen er sprø, totalt ca 60 minutt. Du kan gjerne opne omnsdøra litt ekstra innimellom for å sleppe ut damp.

  4. Avkjøl quinoaen.

  5. Smelt kokosolje, lønnesirup, kakao og salt i ein vid kasserolle. Ha i resten av ingrediensane og bland godt.

  6. Legg granolaen utover eit bakepapir og la avkjøle heilt før du har over på eit tett glas.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.