Granola med quinoa og bringebær

Granola med quinoa og bringebær er knasande sprø, søt og god. Dette er som å starte dagen med ein dessert! Quinoa blir brukt oftare til frukost enn til middag her i heimen, etter at denne oppskrifta blei ein favoritt i fjor haust. Her får du ein ny versjon som er søta med lønnesirup. Det luktar og smakar himmelsk!

Granola med quinoa og bringebær

Frysetørka bringebær er som godteri, og heilt fantastisk å bruke som topping på is og kaker. Ingen grunn til å ikkje bruke det i granolaen, bær er alltid bra. Slit du med å finne frysetørka bær på butikken så leit der toppingen til is står, eller gå i ein helsekostbutikk for å finne. Vel verdt tida!

For å gjere quinoaen meir magevenleg og lettare fordøyeleg brukar eg å bløytlegge den over natta. Eg har quinoa i ei skål med nesten ein liter vatn og 1 ts eplecidereddik. På denne måten er det lettare for kroppen å ta opp alle næringsstoffa, og bonusen er at det tek nokre minutt mindre å koke quinoaen. Om du vel å bløytlegge eller ikkje er heilt opp til deg, og ikkje avgjerande for smaksresultatet.

Granola med quinoa og bringebær

Oppskrift på Granola med quinoa og bringebær

8-10 porsjonar / Tid: 2 t

  • 2 dl quinoa
  • 4 dl vatn
  • 2 dl havregryn
  • 1 dl graskarkjerner
  • 1 dl solsikerkjerner
  • 1 dl mandelflak
  • 4 ss chiafrø
  • 3 ss lønnesirup
  • 2 ss kokosolje
  • 2 dl frysetørka bringebær
  1. Skyl quinoaen til det sluttar å skumme, gjerne gjennom eit finmaska dørslag. Ha quinoa og vatn i ein liten kasserolle med lokk og kok opp. La småkoke under lokk til quinoaen har opna seg og fått "små halar". Dette tek ca 20 minutt. Løft av lokket siste 2-3 minutta, slik at du får dampa vekk litt av fuktigheita.

  2. Set omnen på 160 grader varmluft.

  3. Fordel quinoaen på eit bakepapirkledd steikebrett og set brettet midt i steikomnen. La steike i 20 minutt, vend litt rundt på quinoaen og steik vidare i 20 minutt. Gjenta dette slik at du har steikt quinoaen i 60 minutt. Då skal den vere ganske uttørka og jamt steikt.

  4. Ta brettet ut av omnen og strø over resten av ingrediensane, med unntak av dei frysetørka bringebæra. Vend rundt slik at det blir lett blanda med lønnesirup og kokosolje.

  5. Set brettet tilbake i omnen og steik i 20 minutt til. Vend litt rundt på granolaen, slik at det blir jamt steikt.

  6. Sjekk om du treng å steike i 20 minutt til, eller om blandinga er fin no. Du kan eventuelt la granolaen stå i omnen med omnsdøra open til den blir kald.

  7. Bland inn frysetørka bringebær når granolaen er heilt kald og oppbevar på tett glas.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!