Reklame

Quinoagranola

Quinoagranola er nydeleg, sprø og crunchy. Denne har gått ned på høgkant her i heimen, både til frukost, lunsj og kvelds. Serveret saman med syrna mjølk eller yoghurt. Nydeleg på smak og ein genial måte å bruke opp restane av kokt quinoa frå middagen på.

verdens beste granolaQuinoagranola

No når haustmørket fell på er det perfekt å bruke dei lange ettermiddagane til å lage granola. Det krev at du er i området, slik at du kan røre rundt innimellom. Men likevel er du relativt fri til å gjere heilt andre ting. Og forefallande oppgåver blir det vel nok av i ein heim?;) Viss ikkje så kan jo ei god bok eller ein god tv-serie anbefalast samstundes.

quinoagranola
Har du ikkje kokt quinoa før? Det kokar du akkurat som når du kokar ris. 1 kopp quinoa med 2 koppar vatn. Skyl quinoaen godt i eit dørslag før du kokar den, slik at du får vedd den bitre smaken. Så er det berre å la det koke under lokk til frøa opnar seg etter omlag 20 minutt.

quinoa granolaGranolaen oppbevarar du på tett glas, gjerne av typen norgesglas, og den held seg lenge. Eller, det trur vi i allefall. Vi har måtte lage ny fleire gongar allereie!

quinoagranola

Oppskrift på Quinoagranola

8-10 porsjonar / Tid: 1, 5 t

  • 2 dl ukokt quinoa
  • 4 dl vatn
  • 2 dl havregryn
  • 1 dl valnøtter
  • 1 dl mandlar
  • 1 ss chiafrø
  • 2 ss kokosolje
  • 2 ss honning
  • 1 ts kanel
  • 1 dl tranebær
  • 1 dl kokosflak
  1. Skyl quinoaen i eit dørslag til den ikkje skummar meir og ha den så over i ei kasserolle. Ha i vatnet og kok opp under lokk. La småkoke i 15-20 minutt, til alt vatnet er fordampa og frøa har opna seg.

  2. Set omnen på 160 grader varmluft.

  3. Fordel den kokte quinoaen ut over eit bakepapirkledd steikebrett. Steik midt i omnen i 30 minutt, rør kvart tiande minutt.

  4. Bland saman havregryn, grovhakka valnøtter og mandlar, chiafrø, kokosolje, honning og kanel. Spre dette ut over eit nytt bakepapirkledd steikebrett.

  5. Flytt quinoabrettet på nederste rille i steikeomnen og set det nye brettet på øverste rille. Steik vidare i 15 minutt, rør innimellom. Følg med, steiketida kan vere annleis i din omn.

  6. Strø over tranebær og kokosflak og steik vidare til koksflaka er gylne, ca 10 minutt.

  7. Avkjøl og oppbevar på tett glas.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.