Vannmelon og avokadosalat med tahini-balsamicodressing

Vannmelon og avokadosalat med tahini-balsamicodressing, med ruccola frå eige mini-drivhus. Hohoi! Det hadde du aldri trudd. Eller var det eg som aldri hadde trudd det kanskje? At vi har klart å få noko til å vekse og gro i så mange veker er intet annet enn eit under. Dei grøne fingrane er framleis veldig lyse-grøne i fargen.

vannmelonsalat

Vannmelon og avokadosalat med tahini-balsamicodressing

Men tilbake til vannmelon og avokadosalaten (med eigendyrka ruccola). Dette er ein super salat å slenge saman når du har lyst på noko friskt og godt som mettar på ein behageleg måte. Og det er vel slik mat ein har lyst på når sola steiker og sommaren er her? Med salt fetaost på toppen og nydeleg dressing blanda inn er dette ein salat som ikkje treng tilbehør. Den funkar fint som måltid åleine! (Men kan sjølvsagt få vere med på sommarfesten om du heller vil servere den saman med andre godsaker).

Vannmelon og avokadosalat med tahini-balsamicodressingTahinidressing har verkeleg blitt ein favoritt i sommar. Du finn ein nydeleg brokkolisalat her som har ein annan vri, og fleire typar har vore testa og blir testa igjen her på kjøkkenet. Med eit slikt glas i kjøleskapet er det super-enkelt å lage ein smakfulldressing på no time.

Vannmelon og avokadosalat med tahini-balsamicodressing

Oppskrift på Vannmelon og avokadosalat med tahini-balsamicodressing

2-3 porsjonar / Tid: 15 min

Salat

  • 1/4 vannmelon
  • 100 g ruccola/bladsalat
  • 1 avokado
  • 1/4 raudløk
  • 2-3 ss fetaost

Tahini-balsamicodressing

  • 2 ss tahini
  • 2 ss balsamico
  • 2 ss vatn
  • 1 klype salt
  1. Ha alle ingrediensane til dressingen i eit glas med lokk og rist til alt er godt blanda. Spe eventuelt med meir vatn om du vil ha den tynnare i konsistens.

  2. Del melon og avokado i terningar.

  3. Snitt løken i tynne skiver.

  4. Legg salat, melon, avokado og raudløk i ei skål. Smuldre fetaosten over.

  5. Server salat med det same, med dressingen ved sidan av.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.