
Proteinpizza med pesto, tomat og mozzarella
Proteinpizza med pesto, tomat og mozzarella har pizzadeig som er kjapp og enkel å lage. Deigen treng ikkje heving, og det er lett å lage den glutenfri ved å bruke glutenfrie havregryn. På toppen er det digg pesto, smelta mozzarella og sommarens tomatar. Mmmm. Mmmm. Mmmmm!

Proteinpizza med pesto, tomat og mozzarella
For å binde saman deigen brukar du knuste linfrø, det blir nemleg som ein gelé-lim når det blir blanda med vatn. Perfekt å bruke som bindemiddel. TIPS: Har du ikkje knuste linfrø for hand kan du bytte det ut med to egg, og ellers følgje oppskrifta som vanleg.
Pizzabotnen treng litt lenger steiketid enn toppingen, og difor går den i omnen og blir forsteikt litt først. Då kan du gjere klart det som skal på toppen, og så la pizzaen få 5-10 minutt i omnen med fyll på til slutt. Ferdig pizza på ein halvtimes tid. Perfekt kveldskos eller enkel middag.

Oppskrift på Proteinpizza med pesto, tomat og mozzarella
Pizzabotn
- 250 g cottage cheese
- 200 g havregryn
- 1 ss knuste linfrø
- 3-5 ss vatn
- 1 klype salt
Topping
- 4 ss pesto
- ca 20 cherrytomatar
- 125 g mozzarella
Rør ut knuste linfrø (nb! det er viktig at dei er knuste) i 2 ss vatn. La stå og svelle medan du gjer klart resten.
Set omnen på 225 gradre over- og undervarme.
Ha cottage cheese, havregryn, salt og linfrøblandinga i ei matmølle og kjør til ei jamn deig. Spe med resten av vatnet om deiga blir alt for tørr.
Skrap deigen over på eit bakepapir og legg eit nytt bakepapir på toppen. Kjevle til ein flat pizzabotn.
Stein midt i omnen i 15-20 minutt, til botnen har fått litt farge.
Fordel pesto, halve tomatar og mozzarella på toppen. Set pizzaen tilbake i omnen og steik i 5-10 minutt til, slik at osten smeltar.
Nyt nydeleg pizza, gjerne med nykverna pepar på toppen.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.