Marengsiskake med bringebær og sjokolade

Marengsiskake med bringebær og sjokolade har mine to favorittar i seg. Bringebær og sjokolade. Når det er sagt så er eg ikkje framand for is eller marengs heller altså. Dermed blir kombinasjonen i denne kaka ei herleg blanding av mine favorittar. Etter ein maimånad med mykje pavlova måtte det bli ein iskakeversjon til, etter å ha laga denne med Daim nokre gongar.

marengsiskake med bringebær og sjokolade bringebær iskake

Marengsiskake med bringebær og sjokolade

Marengs i botnen er perfekt når ein skal omgå nøtteallergiar, og helst ikkje vil lage kake med nøttebotn. Med grove sjokoladebitar blir det likevel tyggemotstand og krønsj, saman med deilig is. Eg likar framleis trikset med å blande inn gelatin i isen. Då opplever eg at kaka held forma mykje lenger på kakebordet. Perfekt når den skal stå framme ei stund.

marengsiskake med bringebær og sjokolade marengsiskake med bringebær og sjokolade

Det var dette biletet av Ina si kake som gav meg lyst til å lage denne kaka. Klikk gjerne innom hennar versjon!

Oppskrift på Marengsiskake med bringebær og sjokolade

24 cm / 10-12 porsjonar / Tid: 2 t + avkjøling og frysing

Marengs

  • 4 eggekviter
  • 175 g sukker
  • 100 g mørk sjokolade

Is

  • 3 plater gelatin
  • 1/2 dl vatn
  • 4 eggeplommer
  • 100 g sukker
  • 5 dl kremfløyte
  • 300 g bringebær
  1. Set omnen på 140 grader over- og undervarme. Kle ei rund form med bakepapir i botnen.

  2. Visp eggekviter og halvparten av sukkeret til luftig skum. Hell i resten av sukkeret litt etter litt og visp vidare til du har ein "stiv" masse. Du skal kunne snu bollen opp ned utan at det renn ut. Pass på at bollen du brukar er heilt rein, og at du ikkje har med noko restar av eggeplomme for å få til dette.

  3. Grovhakk sjokoladen, spar gjerne litt til pynt på toppen av kaka, og vend inn i marengsen.

  4. Fordel marengsen i kakeforma og steik midt i omnen i 60 min. Opne omnsdøra og la marengsen stå heilt til den er kald.

  5. Legg gelatinplatene i bløyt i kaldt vatn i ti minutt.

  6. Visp eggeplommer og sukker til eggedosis.

  7. Kok opp 1/2 dl vatn. Løft ut gelatinplatene frå bløytevatnet og rør dei ut i det varme vatnet. Rør til alt er oppløyst. La blandinga avkjøle litt, og bland den så inn i eggedosisen, litt i gongen.

  8. Visp kremfløyta til krem. Bland saman eggedosis og krem, vend inn bringebæra. Spar gjerne nokre av bringebæra til pynt.

  9. Dekk til kakeforma og set kaka i frysaren, i minst 6 timar.

  10. Ta kaka ut av frysaren ein halv time før den skal nytast. Skjær med ein skarp kniv rundt forma og fjern så denne. Pynt eventuelt med bringebær og sjokolade som du har tatt til side.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.