Smashed søtpotet

Smashed søtpotet er kanskje ikkje det beste norske namnet. Men det er ganske skildrande for kva du får servert. Søtpotet er nydeleg på smak, og enda betre når du får urtesmør og ost på toppen. Skal du grille grønsaker eller kjøt er dette perfekt tilbehør å servere ved sidan av.

smashed søtpotet

Smashed søtpotet

Søtpotetene deler du i skiver og kokar i ei kasserolle først. Når dei har blitt mjuke treng dei berre ein kjapp tur i omnen for å smelte osten og få ekstra smak av urtene. Har du urter i kjøkkenhagen din brukar du sjølvsagt dei, her passar det meste. Ramsløk, oregano, timian og persille er favorittar her.

smashed søtpotet

Osten på toppen kan du variere alt etter smak og behag. Eller kva kjøleskapet inneheld. Har eg osterestar riv eg dei ofte opp og oppbevarer dei i fryseboksen. Då har eg alltid riven ost tilgjengeleg, og gjerne ei blanding av ulike ostar. Perfekt for å toppe ein grateng, ein pizza eller gratinerte søtpoteter som her.

smashed søtpotet

Skalet på søtpoteter er ofte seigt og difor ikkje noko særleg å ete. Du treng likevel ikkje bruke tid på å skrelle søtpotetene før du kokar dei, det losnar nemleg lett når potetene er ferdig steikt. Lett å la ligge igjen på tallerkenen, og fint for å halde saman søtpotetene ved servering.

 

Oppskrift på Smashed søtpotet

4 porsjonar / Tid: 40 min

  • 2 store søtpoteter
  • 3 ss smør
  • 3 ss finhakka urter
  • 1 fedd kvitløk
  • 1/4 ts salt
  • 1-2 dl riven ost
  1. Skrubb søtpotetene og del dei i skiver. Ha dei i ei kasserolle og dekk med vatn. Kok opp og la småkoke i 15-20 min, til potetene er møre. Hell av kokevatnet og legg dei på eit steikebrett.

  2. Medan potetene kokar lagar du til urtesmøret. Smelt smøret og rør inn finhakka urter og kvitløk. Bruk dei urtene du har. Oregano, timian, persille eller ramsløk smakar godt.

  3. Mos søtpotetene lett med ein gaffel og fordel urtesmøret over. Strø ost på toppen.

  4. Gratiner søtpotetene nokre få minutt rett under grillelementet eller steik dei i ca 15 minutt på 225 grader midt i omnen.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.