Smuldrepai med blåbær og bringebær

Smuldrepai med blåbær og bringebær er desserten du lagar når du ikkje har noko å by på og du treng dessert i ein fei. Ingrediensane er slike som eg alltid har i skap og frysar. Nokre frosne bær, litt havregryn, smør og sukker. Bland saman og set i omnen, og by på nydeleg dessert ein halvtime seinare.

smuldrepai med blåbær og bringebær

Smuldrepai med blåbær og bringebær

Bæra du brukar i denne desserten kan gjerne vere frosne. Du kan enkelt bytte du til det du har, både plommer og jordbær smakar godt. Har du for mykje plommer ein haustdag er det perfekt å dele dei i mindre bitar og fryse ned. Eller rabarbra. Då kan du lett som ein plett diske opp med smuldrepai. Men denne gongen var det blåbær og bringebær som fekk vere i paien altså. Nydeleg godt!

smuldrepai med blåbær og bringebær smuldrepai med blåbær og bringebær

I oppskrifta står det kokosblomstsukker, som er min favoritt. Det gir ein nydeleg karamellsmak, samstundes som det er rekna for å vere betre for deg enn kvitt sukker. Har du ikkje kokosblomstsukker i hus kan du sjølvsagt bruke vanleg sukker, eller brunt sukker, i staden.

smuldrepai med blåbær og bringebær

Oppskrift på Smuldrepai med blåbær og bringebær

4-6 porsjonar / Tid: 45 min

  • 2 dl blåbær
  • 2 dl bringebær
  • 1 ss maisenna
  • 1 ss kokosblomstsukker
  • 75 g smør
  • 75 g havregryn
  • 75 g kokosblomstsukker
  1. Set omnen på 200 grader- over og undervarme.

  2. Fordel blåbær og bringebær i ei form, strø over maisenna og 1 ss sukker.

  3. Puls saman smør, sukker og havregryn i ei kjøkkenmaskin med S-knivar. Eller smuldre det saman med fingrane. Fordel smuldredeiga over bæra.

  4. Steik smuldrepaien i 20-30 minutt, til toppen er gyllen.

  5. Server smuldrepai med vispa kremfløyte, kesam eller vaniljeis til.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.