Smuldrepai med rabarbra

Smuldrepai med rabarbra er knasande sprø og deilig søt dessert å servere no i sommarsesongen. Desse lange rabarbrastenglane som veks i hagen må brukast medan dei er her, og denne smuldrepaien er glimrande. Når borna er lei av rabarbra + sukkerkopp er det på tide å hauste inn og diske opp denne til ettermiddagskaffien. Det gjer du lett som ein plett.

rabarbra enkel dessert

Smuldrepai med rabarbra

rabarbrasmuldrepai
Haustar du all rabarbraen du har no før jonsok kan du faktisk ete rabarbra seinare i sesongen også. Då unngår du at du får eldre stilkar med mykje oksalsyre i seg, sidan du vil få nye stilkar ein gong til. Eit tips i den samanhengen er å hauste, skrelle, dele opp og legge i frysaren. Då kan du enkel by på smuldrepai med rabarbra seinare i haust.

Smuldrepai med rabarbra

Har du ikkje vaniljeis i hus kan du sjølvsagt servere smuldrepaien som den er. Eller med ein klatt krem, kesam eller yoghurt til. Håper det fell i smak!

Oppskrift på Smuldrepai med rabarbra

4-6 porsjonar / Tid: 30 min

  • 5 dl rabarbra i bitar
  • 1 dl sukker
  • 1 ss potetmjøl
  • 2-3 dl havregryn
  • 100 g smør
  • 1 stor neve mandlar
  • 1 dl sukker
  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme og finn fram ei eldfast form. Du kan bruke nesten kva som helst slags form, dess større dess tynnare pai.

  2. Skyl og reinsk rabarbraen. Del den i bitar med om lag 1 cm lengde.

  3. Bland saman rabarbra, sukker og potetmjøl og fordel ut over i forma.

  4. Bland saman smør i terningar, havregryn, sukker og halvparten av dei hakka mandlane. Bruk fingrane og smuldre dette saman til ei jamn masse.

  5. Legg smuldredeiga på toppen av rabarbraen og strø med resten av dei hakka mandlane.

  6. Steik smuldrepaien midt i omnen til den er gyllen, om lag 20-25 minutt.

  7. Servér paien lun, gjerne med ei kule god vaniljeis.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.