Krema spagetti med sjampinjong og chorizo

Krema spagetti med sjampinjong og chorizo er kjapp og lett å lage, og god å ete. Akkurat det ein treng frå etter fullført jobb og skule. Eller kanskje det du diskar opp med ein fredagskveld til kjærasten?

krema spagetti med sjampinjong og chorizo Krema spagetti med sjampinjong og chorizo

Du kan bruke den typen pasta eller spagetti du vil. Både båndspagetti, penne eller fusilli funkar. Det same gjeld kremen du skal ha i. Om du brukar kremfløyte eller matfløyte spelar inga rolle. Bruk det du har tilgjengeleg. Har eg laga kake og har ekstra fløyte i kjøleskapet brukar eg den. Viss ikkje har eg alltids ei matfløyte ståande på lur, sidan dei har så lang haldbarheit.

krema spagetti med sjampinjong og chorizoPass på at du brukar nok salt og pepar, og set gjerne salt og peparbøssa på bordet slik at de kan krydre meir når de får smakt. Det utgjer heile skilnaden!

krema spagetti med sjampinjong og chorizo

Oppskrift på Krema spagetti med sjampinjong og chorizo

3-4 porsjonar / Tid: 30 min

  • 400 g spagetti/pasta
  • 2 ss olivenolje
  • 2 sjalottløk
  • 1 fedd kvitløk
  • 2-3 sjampinjong
  • 75 g chorizo
  • 1/3 brokkoli
  • 2 dl kremfløyte/matfløyte
  • 3 egg
  • Salt og pepar
  • Frisk timian
  1. Kok pasta etter rettleiing på pakken.

  2. Hakk opp løk, sjampinjong, chorizo og brokkoli. Finhakk kvitløk.

  3. Varm olivenolje i ei steikepanne og fres løken til den blir blank. Ha i kvitløk, sjampinjong, brokkoli og chorizo. Steik til soppen har fått farge, rør no og då.

  4. Visp saman egg og fløyte.

  5. Hell av kokevatnet på spagettien og ha den i steikepanna.

  6. Trekk panna vekk frå varmen og vend inn fløyteblandinga.

  7. Krydre raust med salt og pepar, og topp med frisk timian. Nyt maten!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.