Butterdeigpizza med ramsløkpesto
Butterdeigpizza med ramsløkpesto blei etterspurt då eg delte bilete på instastory førre veke. Og eg er som regel ikkje vanskeleg å be, så her får de oppskrifta. Dette er perfekt kveldskos når du har lyst på noko enkelt og godt.
Eg har funne glutenfri butterdeig i frysedisken, og brukte det her. Den treng litt meir tining før bruk, sidan den er delt opp i litt tjukkare stykker enn den vanlege butterdeiga. Vanleg butterdeig er så tynn at den kan du legge rett på steikebrettet og kjevle hardt ut etter få minutt. Perfekt når ein har lyst på noko enkelt og godt.
Butterdeigpizza med ramsløkpesto
Ramsløkpesto laga eg av nyplukka ramsløk, og oppskrifta var omtrent som den du finn her.
Oppskrift på Butterdeigpizza med ramsløkpesto
- 1-2 plater butterdeig
- 2-3 ss ramsløkpesto
- 1-2 ss fetaost
- 1 ts soltørka tomat i olje
- Frisk timain
- Nykverna pepar
Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
Kjevle butterdeiga flat på eit bakepapirkledd steikebrett.
Smør ramsløkpesto utover og strø fetaost og soltørka tomat over.
Steik pizzaen til butterdeiga er gyllen og sprø, ca 20 minutt.
Ha over nykverna pepar og frisk timian før servering.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.