Oksehalegryte med rotmos

Oksehalegryte med rotmos er middagen du kan servere etter å ha vore ein heil dag ute på ski. Perfekt å brune kjøtet litt etter frukost, legge det i ei eldfast form og la kose seg i omnen heile dagen. Jo lenger jo betre, her vil du at kjøtet skal sleppe beinet heilt. Kjøtet må i allefall stå i tre timar, gjerne i seks.

Oksehalegryte med rotmos

Oksehalegryte med rotmos

Oksehale er ikkje kvardagskost å finne på butikkane i mitt nærmiljø, så når eg kjem over dette handlar eg inn til frysaren. Perfekte å lage deilig kraft av, og nydelege i ei god-tid gryte som dette.

Oksehalegryte med rotmos

Oksehalebitane eg har brukt her tok eg rett frå frysaren. Dei blei bruna først i panne og så inn i omnen. Då måtte kjøtet stå i fem timar før det var klart, men det fekk stå ei time ekstra likevel. Dette er ein rett som toler å vente på at middagsgjestane får dusja og skifta etter skituren. Perfekt mat til påska altså.

Oppskrift på Oksehalegryte med rotmos

4 porsjonar / Tid: 5-6 timar

Oksehalegryte

  • 1-1,5 kg oksehale
  • 1 ss rapsolje/smør
  • 2-3 sjalottløk
  • 1 purre
  • 3 gulrøtter
  • 1/4 sellerirot
  • 2 dl rødvin
  • ca 8 dl vatn
  • 2 laurbærblad
  • 1 ts salt
  • 1/2 ts pepar

Rotmos

  • 8-10 poteter
  • 3/4 sellerirot
  • ca 3 dl H-mjølk
  • 1 ss smør
  • 1/2 ts salt
  • 1/4 ts pepar
  1. Set omnen på 150 grader over- og undervarme.

  2. Brun oksehalebitane i ei varm steikepanne med oljen/smøret, legg så over i ei eldfast form. Skrell og del gulrot, sellerirot og løk i grove bitar. Del purreløken i ringar. Legg alt i den eldfaste forma. Hell over rødvin og vatn. Ha i laurbærblad, salt og pepar. Set forma midt i omnen og la den steike i 5-6 timar, til kjøtet er så mørt at det fell frå beinet.

  3. Lag rotmos 30 min før alt skal serverast. Skell og del poteter og sellerirot i teringar. Kok opp og la småkoke til alt er mørt, ca 15-20 min. Hell av kokevatnet og ha i smør. Mos med ein potetstappar og spe så med mjølka til passe konsistens. Ha i salt og pepar og servér saman med oksehalegryta.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi nye kokebok her! #reklame