Gyllen blomkålsuppe
Gyllen blomkålsuppe er perfekt vintermat. Det lille ekstra ein treng når ein kjenner seg litt tufs, eller kjenner at ein bryggar på noko. Med gurkemeie som er betennelsesdempande og god kraft blir dette ei suppe som gjer godt for kroppen. Og så smakar den nydeleg då!
Gyllen blomkålsuppe
Den fine fargen på suppa er nesten grunn nok i seg sjølv til å lage den, spør du meg. Og både farge og effekt minner om Golden milk. Så då kan du kanskje lage deg det til kvelds etter å ha ete gyllen blomkålsuppe til middag?
I oppskrifta ser du at du skal omnssteike blomkålen før den skal i gryta, og det anbefalar eg at du tek deg tid til. Det blir nydeleg smak på blomkålen når den får ein tur i omnen med krydder på. Vel verdt dei få minutta ekstra!
Då er det berre å finne blomkål i grønsaksdisken og gå i gong.
Oppskrift på Gyllen blomkålsuppe
- 1 stort eller 2 små blomkål
- 3 poteter
- 1 løk
- 2 fedd kvitløk
- 3 ss kokos/solsikkeolje
- 1 ts gurkemeie
- 1 ts spisskummen
- 1 klype chilipulver
- 1/2 ss salt
- 7-8 dl kyllingkraft (el vatn + buljong)
- 1 dl kokosmjølk (+ ekstra til servering)
- 1/2 potte korianderblad
Set omnen på 225 grader over- og undervarme.
Del blomkål i buketter og stilken i terningar.
Vend inn i 2 ss olje og gurkemeie, spisskummen og chili. Legg på eit bakepapirkledd steikebrett og steik midt i omnen i ca 30 minutt, til blomkålen er gyllen.
Del løken i båtar/bitar. Skrell og del potetene i terningar. Finhakk kvitløken.
Fres løk i 1 ss olje til løken blir blank. Ha i poteter og kvitløk og steik vidare i 1-2 minutt.
Hell over kraft og kok opp. La småkoke til potetene er møre, og blomkålen er ferdig steikt.
Plukk til side nokre av blomkålbukettane til garnityr, og ha resten i gryta.
Kjør suppa glatt med ein stavmiksar/blender og rør så inn kokosmjølka. Smak til med salt.
Servér suppa med blomkålbukettar, litt ekstra kokosmjølk og frisk koriander på toppen.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.