Reklame
Jordbærsyltetøy med chiafrø
Chiafrø har den eigenskapane at det svell opp og kan dermed brukast som tjukningsmiddel i syltetøy. Dette gjer at du kan lage sunt og næringsrikt syltetøy heime på kjøkkenbenken på få straksar. Har du ferske bær kan du bruke det, eller frosne som eg har gjort her ein vinterdag.
Likar du best kokt syltetøy er det ingenting i vegen for at du kan koke opp bæra først, gjerne med sukkeret innblanda og så kjøre det saman med chiafrøa etterpå. Det er heilt opp til deg som står på kjøkkenet, og kva du likar best.
I tillegg til chiafrø har eg brukt kokosblomstsukker som har ein god karamellisert smak, og i tillegg inneheld litt meir næringsstoff enn vanleg kvitt sukker. Vinn-vinn der altså. Og vips har du eit syltetøy som inneheld mindre ingrediensar enn du kan telje på ei hand, og i tillegg er bra for deg. Då er det berre å gle seg til frukost!
Jordbærsyltetøy med chiafrø
Chiafrøet har eit høgt innhald av omega-3 feittsyrer, kostfiber og fleire vitaminar. Fekk du lyst til å bruke chiafrø meir? Her finn du Chiapudding med surmjølk. Eller klikk hit for å finne fleire treff på ulike oppskrifter med dette superfrøet. Lukke til:)
Oppskrift på Jordbærsyltetøy med chiafrø
- 400 g jordbær
- 2 ss Helios chiafrø
- 2-3 ss Helios kokosblomstsukker
- 1 skvis sitron
Ha alt i ei matmølle eller ein kraftig blender og kjør saman til ei jamn masse. Smak til med sukker til det blir passe søtt.
Hell over på fine glas og set i kjøleskap slik at chiafrøa får svelle og gjere syltetøyet tjukkare.
Nyt heimelaga jordbærsyltetøy på godt brød.
Dette blogginnlegget er reklame for Helios
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.